Andeløp i Hovlandselva


Det finst ulike måtar å samle inn pengar til skuletur på. 8.klassingane i Vadheim valde ein litt utradisjonell ein....

Dei bestemde seg nemleg for å ha andeløp (!) i Hovlandselva, som renn gjennom bygda. Det skjedde laurdag ettermiddag, og mange hadde teke turen opp langs elva for å få med seg det heller utradisjonelle løpet.

- Vi samlar inn pengar til vi skal på skuletur til Polen når vi kjem i 10.klasse, og hadde lyst til å gjere det på ein litt annan måte. Tidlegare har vi blant anna arrangert karneval på skulen, hatt kafe under påskeeggjakt, lykkehjul under Vamamarknaden tidlegare i dag - og no er det andeløp, seier Ariana Hjelmeland Rasdal, Oliver Berge Ullebø, Elias Gjermundstad og Sander Heggenes til Ytre Sogn.

Løpet starta med at badeender merka med tal vart droppa i elva samtidig. Endene sigla deretter nedover elva til målfeltet, der ein hadde laga ei trakt som dei måtte igjennom. Første anda gjennom gav premie til den som hadde kjøpt anda med det aktuelle talet.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

8.klassingane Elias Gjermundstad (f.v.), Oliver Berge Ullebø, Sander Heggenes og Ariana Hjelmeland Rasdal i Vadheim var godt nøgde med andeløpet, som gav dei nye 7500 kroner til skuleturen til Polen. Julian Birkaas og Eva Lutzke var ikkje til stades då biletet vart teke.