Slik ser det ut på stien ein normalt brukar å ta under Lihestklyvet. Dermed blir det i år ei alternativ rute frå Hovland.

Alternativ rute for Lihestklyvet

Det var ikkje meininga at sherpaane som no er i full sving på Lihesten skulle vere på plass før etter Lihestklyvet som blir arrangert på søndag, men dei kom fleire veker før tida. Dermed må Lihestklyvet i år finne ei alternativ rute.


På søndag blir Lihestklyvet arrangert, eit arrangement som no har gått i over 30 år. Men den løypa ein normalt sett bruker å ta denne dagen går det no ikkje an å springe i. Der er nemleg sherpaane i full gong med trappebygging.

Ifølge prosjektleiar for oppgraderinga av stiane på Lihesten, Jens Kristian Lundeland, kom sherpaane til Hyllestad ein månad før tida.

– Dei kom ein månad før avtalt. Dei var ferdige med førre prosjekt tidlegare enn planlagt, og eg fekk ein telefon om at «vi kjem i morgon», sa Lundeland til Ytre Sogn, då vi var med på Lihesten for nokre veker sidan.

Vil gjennomføre søndag

Men om alt låg klart for å byrje arbeidet, så var det ein ting som ikkje var unnagjort før arbeidet kom i gong, og det var Lihestklyvet.

Leiar for turgruppa til Hyllestad, Mona Birkeland, seier til Ytre Sogn at dei vurderte å flytte tidspunktet til arrangementet til seinare på sommaren, men at dei valde å gjennomføre denne søndagen likevel.

– Vi valde vekk å flytte arrangementet. Alt dette har blitt lagt opp saman med Sommargry og Kvernsteinsmarknaden, og det er også det vi har annonsert med. Så vi ville framleis få dette gjennomført på søndag.

Men opp Lundelandsstien er det no fullt arbeid, og sjølv om sherpaane har kviledag på søndagar, så ligg store steinar strødd i terrenget. Arbeidsleiaren for sherpaane Nima Sherpa har tidlegare sagt at det kan vere svært farleg å gå i området for turgåarar, og stien er for tida stengd.

Alternativ rute

Dermed måtte Lihestklyvet finne ei alternativ rute dette året.

– Ruta går opp Hovland i år, og endar opp på Risnesklypa på motsett side av fjellet, fortel Birkeland.

Ho er likevel sikker på at det vil bli eit flott arrangement og ein flott tur for dei som deltek. 

– Det er eit stort engasjement rundt Lihestklyvet både frå folk frå Lifjorden og andre stadar. Røde Kors er involvert, og det same er Fjelltrimmen, og vi gler oss alle til søndag, seier Birkeland.