På søndag blir Lihestklyvet arrangert, eit arrangement som no har gått i over 30 år. Men den løypa ein normalt sett bruker å ta denne dagen går det no ikkje an å springe i. Der er nemleg sherpaane i full gong med trappebygging.
Ifølge prosjektleiar for oppgraderinga av stiane på Lihesten, Jens Kristian Lundeland, kom sherpaane til Hyllestad ein månad før tida. – Dei kom ein månad før avtalt. Dei var ferdige med førre prosjekt tidlegare enn planlagt, og eg fekk ein telefon om at «vi kjem i morgon», sa Lundeland til Ytre Sogn, då vi var med på Lihesten for nokre veker sidan.Slik ser det ut på stien ein normalt brukar å ta under Lihestklyvet. Dermed blir det i år ei alternativ rute frå Hovland.
Alternativ rute for Lihestklyvet
Det var ikkje meininga at sherpaane som no er i full sving på Lihesten skulle vere på plass før etter Lihestklyvet som blir arrangert på søndag, men dei kom fleire veker før tida. Dermed må Lihestklyvet i år finne ei alternativ rute.