- Første døgna trudde eg ikkje han kom til å overleve, seier Alex Ek og ser ned på den vesle fugleungen som får god plass i handa hans.
Ei veke har gått sidan ein nabo fann den liggjande hjelpelaus på bakken ved Hjetlandsbakkane burettslag i Høyanger, truleg etter å ha falle ut av reiret. Og den dyrekjære miljøarbeideren tok den vesle fugleungen - eller «pipsteren» Sivert som han no vert kalla - til seg med ein gong. Sidan har han hatt fulldøgnsjobb med å ta seg av det han meiner er anten ein kjøtmeis eller ein blåmeis. - Første døgna var eg veldig bekymra for den. Eg tenkte at fugleungen umogleg ville klare seg, liten og skjør som den var, seier Ek medan han stryk den forsiktig over hovudet. Spørsmålet var ikkje minst kor vidt den ville ta til seg næring. - Eg laga ein graut av pelletsen eg gir til Ida, papegøyen min, som eg blanda med litt kokosfett og honning, og det sprøyta eg kontinuerleg og forsiktig i han kvar einaste time. Eg følte meg likevel ikkje trygg på at han ville klare seg, og såg til han omtrent kvart femte minutt, fortel han til Ytre Sogn. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!