Alette skal i Kongens Garde


- Det er med ei skrekkblanda frydkjensle eg ser fram mot førstegongsteneste i Hans Majestet Kongens Garde frå april neste år, seier Alette Haugland Norevik frå Høyanger til Ytre Sogn.

Hausten 2014 vedtok Stortinget å endre vernepliktlova og heimevernslova, der vedtaket om verneplikt vart kjønnsnøytralt. Frå januar 2015 måtte jentene stille til sesjon med same plikter som gutane.
Ei av desse var 19 år gamle Alette Haugland Norevik, som april neste år dreg til hovudstaden for å møte til førstegongsteneste i Hans Majestet Kongens Garde.
-Kva forventningar har du?
- Det er noko nytt og spennande som eg gler meg til. Men eg har både sommarfuglar i magen og ei slags skrekkblanda frydkjensle for kva som ventar meg, seier ho.

På lik linje

-Tidligare kunne jentene sjølv bestemme om dei ville i militæret. Men etter lovendringa om allmenn verneplikt som tredde i kraft i 2015 måtte alle tenestedyktige jenter som var født i 1997 stille til sesjon på lik linje med gutane.
Det er nok mykje av grunnen til at fleire jenter kjem inn i militæret i dag, men eg trur skilje mellom gutar og jenter framleis er ganske stort. Det har liksom vore meir som ein tradisjon og naturleg ting at det var gutane som skulle inn i militæret. Men den seinare tida har dette endra seg, og det verkar som det har blitt meir populært blant jentene, fortel ho.

Tilfeldig val

-Kvifor valde du Garden?
-Det var veldig tilfeldig. Då eg var inne til sesjon del 2, skulle vi skrive ei ønskjeliste om kor vi hadde lyst til å vere, så blir det bestemt ut frå det. Eg hadde ikkje sett meg så godt inn i dei forskjellege stillingane som Forsvaret har, men hadde lest og høyrt ein del om Garden og tykte det høyrtest veldig spennande ut. Det var kjekt at det var akkurat det valet dei bestemde frå lista mi, og det blir utruleg spennande. Ein ekstra spenningsfaktor er at det er mange forskjellege stillingar der, så kor eg kjem til å bli plassert veit eg ikkje før eg har vore gjennom rekrutten, fortel ho med eit smil. Når Ytre Sogn stiller spørsmål om eventuell vidare utdanning og karriere i Forsvaret svare ungjenta raskt at det ønskjer ho ikkje. Draumen ho har er å bli vernepleiar etter at ho er ferdig med verneplikta.

Største bataljon

Garden er Hærens største bataljon med over 1 100 vernepliktige soldatar med forskjellege roller og oppdrag. Operative oppdrag som vakthald og sikring av Kongehuset, i tillegg til å vere ein del av hovudstadsforsvaret, og beredskap for å kunne støtte politiet i krisesituasjonar som til dømes under bombeangrepet på regjeringskvartalet i 2011

Fakta om allmenn verneplikt
Så mange er dei:
* 17 år, sesjon del 1, nettbasert eigenerklæring. 60 000 ungdomar.
* 18 år, sesjon del 2, oppmøte med testar og vurderingar. 22 000 ungdomar.
* 19 år, førstegongsteneste i 12 månader. 9 000 ungdomar.
Kjelde: Forsvaret.no