– Musikken min er klassisk musikk med inspirasjon frå filmmusikk, og tittelen «Vemod» beskriv godt stemninga ein får av å høyre albumet. Her er det samansette følelsar som tristheit, sorg, tap, sakn. Men også eitt snev av håp.
Fimreite er frå Hyllestad men har budd dei siste 17 åra i Bergen. Der har ho bygd sitt eige studio heime i sitt eige hus. – Eg komponerer, spelar og produserer all musikken min sjølv i mitt eige studio. Mannen min er medprodusent og står for miksing og mastring. Som tidlegare rocke-trommeslagar og låtskrivar ville eg ta steget vidare, og byrja derfor å komponere klassisk musikk. På «Vemod» er lydbiletet prega av instrument som piano, strykarar, blåsarar, perkusjon og kor som er sett saman i dyster harmoni. – Å sette saman ulike instrument til dystre melodiar er som terapi for meg.
– Inspirasjonen min kjem hovudsakleg frå filmmusikk der Hans Zimmer er det store førebiletet. Men klassisk musikk, progmetall, rock og utallige timar med TV-seriar er også inspirasjonskjelder. Men ideane treng og ein god dose med eigne følelsar og erfaringar i livet for å bli songar. Målet Fimreite har med musikken er å få fram følelsane i lyttaren, og den store draumen er å få lage musikk til bilete. – Filmmusikk har lenge vore ein fasinasjon for meg, og derfor bestemte eg meg for nokre år sidan å komponere eigen musikk. Men det tok ei stund før eg tok steget og ga ut min første EP «Einsam i frykta» i 2022. Singelen «Tunge tankar» og «Huldra» vart også gitt ut same året. I 2023 gav eg ut singelen «Trollskog». Fleire av mine tidlegare utgivelsar er med på dette albumet, men det er også nokre nye låtar. Musikken har blitt streama i mange land, og eg har fått nokre fans i både USA og Sør-Afrika.