– I Coop sin kalender er det skikkeleg julaftan når vi deler ut kjøpeutbytet. Vårt føremål er å skape medlemsnytte og verdi for medlemmene våre. I Coop er vi stolte over å vere annleisaktøren i bransjen, spesielt når overskotet skal delast og medlemmene får sitt kjøpeutbyte, seier administrerande direktør i Coop Nordvest, Arild Sørlien i ei pressemelding.
Medlemmar i Coop Nordvest får 1 prosent kjøpeutbyte på alt dei handlar i samvirkelaget sine butikkar. Fordelane til samvirkelaget sine medlemmer utgjorde totalt 227 millionar kroner i 2024, der 89 millionar kroner blir utbetalt som kjøpeutbyte i desse dagar. Dei resterande 138 millionar kronene har medlemmane fått gjennom rabattkupongar, medlemskupp og andre medlemsfordelar. – Som einaste daglegvareaktør har Coop og gjenbruksbonus på handlenett. Dette er eit positivt og tydeleg insentiv for medlemmane, som vi får svært god respons på. Vi meiner tiltaket bidreg til å redusere forbruket av plastposar. Medlemmane våre tente over 1,2 millionar kroner i gjenbruksbonus i 2024.