Den internasjonale kvinnedagen blei etablert av FN i 1977. Sidan den gong har 8. mars vore dagen der kvinner sine kampsaker og rettar blir markerte. Men kvifor markerer vi framleis denne dagen 48 år seinare? Sjølv om likestillinga er kome langt på 48 år, opplever kvinner framleis diskriminering. Her er fem gode grunnar til at det framleis er viktig å markere kvinnedagen!
Kvart fjerde drap i Noreg er eit partnardrap, der 87% av offera er kvinner. Samstundes ser ein at 70% av offera hadde registrert ein skattbar inntekt på under 200 000 kr året før dei vart drepne. Vi må kjempe for å stoppe vald og drap mot kvinner. Vi har ingen fleire liv å miste! Kvinner tener i snitt 13% mindre enn menn i Noreg. For kvinner og menn som jobbar i same sektor og har like lang utdaning, erfaring og liknande stillingsstorleik, er lønnsforskjellane på 8 %. Det er heilt uforståeleg at likt arbeid skal bli lønna ulikt grunna kjønn. Vi må krevje likelønn no! Halvparten av kvinner med flyktningbakgrunn i Noreg, står utan jobb. Innvandrar-kvinner ønsker å jobbe, men fleire faktorar påverkar dette, viser ein ny kunnskapsoppsummering. I Noreg treng vi at alle som kan jobbe er i jobb. Vi må legge til rette for at denne gruppa kvinner kjem seg inn på arbeidsmarknaden og opplever å få meiningsfylte oppgåver i arbeidslivet. Vi treng fleire innvandrarkvinner i arbeid no! I verda lever kvinner og jenter i land der tilbodet om abort er avgrensa, forbode og kriminalisert. Nesten halvparten av alle abortar i verda, er utrygge aborter, ifølge WHO. Utrygge aborter har høg dødelegheit og kan føre til livslange komplikasjonar og vanskar med å få barn seinare. Når kvinner risikerer livet eller livslange komplikasjonar for å ikkje fullføre eit svangerskap, er situasjonen til kvinna vanskeleg og håplaus. Lytt til WHO - abort er ein helserett! Kvinner i krig blir utsette for trakassering, audmjuking og valdtekt. Valdtekt blir nytta som våpen i krig, og dette kan vi ikkje akseptere! Dette ser vi i Gaza, Ukraina, Etiopia, Sudan og fleire stader. Valdtekt blir nytta for å vise makt og spreie frykt. Støtt kvinners fredsarbeid - kjemp mot valdtekt som våpen! Kvinnedagen er etter 48 år framleis viktig å markere. Vi må aldri slutte å kjempe for kvinner sine rettar. Halvparten av verdas befolkning er kvinner som treng rettigheitar. Hedda Andrine Skår IndrebøRaudt Høyanger