Stor snøsmelting og mykje nedbør

Oppfordrar innbyggjarane om å vere på vakt

Mykje vatn i omløp kan føre til farlege tilstandar. No ber Høyanger kommune innbyggjarane om å vere på vakt.


I skrivande stund melder varsom.no om raudt farevarsel for snøskred, oransje farevarsel for jord-, sørpe- og flomskred, samt gule farevarsel for is på vegar, regn, vindkast og flom i Høyanger kommune. 

Einingsleiar for kommunalteknisk drift i Høyanger, Geir Øyvind Hovlandsdal, oppfordrar innbyggjarane i kommunen om å følgje med.

– Det kraftige mildvêret som har komme fører til rask snøsmelting, noko som i kombinasjon med mykje nedbør skapar utfordringar med skredfare, glatte vegar og tette avløp. Vi håpar derfor at innbyggjarane kan halde litt ekstra auge med dreneringsrister, bekkeløp og liknande stadar der det kan gå tett. Om alle tek eit kollektivt ansvar no under dette vêromslaget vil det hjelpe både privatpersonar og samfunnet generelt.

Det er varsla at dei største nedbørsmengdene vil komme tysdag. Yr.no melder om 9 grader på det varmaste, og 27 mm nedbør i løpet av dagen.

– Vi tilrår at folk ikkje reiser ut på vegane med mindre dei må, og at alle tek naudsynte forholds­reglar. Hjelp oss gjerne med å halde dreneringsrister og små gateslukar opne for å unngå flaum, men hald avstand til elvar og større vassmengder elles. Om det oppstår utfordringar på stader som dette kjem vi til å ta oss av det, men meld gjerne ifrå om du skulle oppdage noko som vi i kommunen bør vere klar over.