22. juli-­markering i Høyanger

Torsdag klokka 15.30 vert det ved musikkpaviljongen i Høyanger markert at det er ti år sidan terroren i Oslo og på Utøya.


Markeringa, som vert arrangert av Høyanger kommune, blir heldt ved musikkpaviljongen i sentrum av Høyanger. 

Betyr mykje
– Dette er noko som betyr mykje for oss, vi i Høyanger følte oss veldig deltakande den dagen. Vi har hatt ungdom frå Høyanger på leiren på Utøya i alle år. Når det kjem eit slikt åtak på demokratiet og norsk ungdom, så snur vi oss aldri vekk, seier ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn.

Ordføraren er ein av to som skal halde tale under markeringa.

– Markeringa er midt i fellesferien, så vi tonar det litt ned. Vi har laga eit minnesmerke som blir satt ned, og som skal stå ut året. I tillegg til at eg skal halde tale, vert det tale med Geir Sørebø. Og så blir det song med Annika Synnøve Beinnes, så det skal bli ei verdig markering, fortel Sortland.

Roser
Kommunalsjef Anita Nordheim er og sikkert på at dette skal bli ei verdig markering, der rosene nok ein gong skal stå i fokus.

– Vi oppmodar alle som vil til å ta med ei rose og legge ned. Vi har plass til alle, og håpar så mange vil møte opp på denne markeringa, seier Nordheim. 

– Bodskapen på markeringa for ti år sidan, med roser i staden for våpen, det var ein flott og riktig måte å reagere på, seier Sortland.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.