Cecilie Marie Løvø Amundsen (t.v.) saman med instruktørane Mari-Ann Vassliås og Anette Feten feirar 20 år med Friskis & Svettis i Hyllestad.

20 år med Friskis & Svettis i Hyllestad

For 20 år sidan ville Cecilie Marie Løvø Amundsen gje det eitt år og sjekke om det var interesse for ein Friskis & Svettis i Hyllestad. Førre laurdag markerte dei 20-årsjubileum.


– Vi har nokre her som har vore med sidan vi starta opp for 20 år sidan. Og denne laurdagen inviterte vi alle gamle og nye mosjonistar til å komme, fortel Cecilie Marie Løvø Amundsen til Ytre Sogn.

Det er no 20 år sidan ho flytta heim til Hyllestad. Etter eitt år som instruktør i Førde ville ho sjekke om det også var interesse for mosjon og aktivitet i heimbygda, og sidan har dei drive på.

– Vi la laget under Førde det første året, men allereie året etter såg vi at det var god oppslutnad på dette og vi starta eit eige lag her i Hyllestad, fortel Amundsen.

Treningane går føre seg i Hyllestadhallen, og Amundsen seier at då fleirbrukshallen opna i 2019 var det noko av det beste som har skjedd Hyllestad.

Størst i landet
Friskis & Svettis Hyllestad ligg under Friskis & Svettis-seksjonen i Norges Fleridrettsforbund.

Og det vart ikkje berre god oppslutnad. I 2004 hadde foreininga heile 84 medlemmer. Det ville sei at dei kunne smykke seg med å vere den største foreininga i seksjonen per innbyggartal i heile Norge. På det meste har dei hatt seks instruktørar på same tid i foreininga, i dag har dei tre.

Det starta med basistrening før kursing og utdanning har gjort til at dei etter kvart også kunne tilby ein heil del forskjellige øvingar innan Friskis & Svettis-sjangeren.

– Vi har no har ein som utdannar seg og etter kvart skal få ei utdanning innan styrketrening. Vi har med andre ord varierte treningar, og alle kan finne noko som passar dei, fortel Amundsen.

Ordførar Kjell Eide var spesielt invitert for dagen, og sjølv om han ikkje deltok på spinninga så hadde han i steden for med ei gåve på 5000 kroner frå Hyllestad kommune.

– Dette er noko som er med på å halde sjukefråværet nede i kommunen. Og så er det klart at når du trenar til musikk og nokon står framme og pushar deg, då gir du litt ekstra.

Vil ha fleire menn og yngre
I dag er snittalderen på dei som er med og trener nok litt over 50, og Amundsen håpar at både menn og også dei yngre skal finne vegen til Hyllestadhallen.

– Vi har i dag tre menn på treningane, men eg trur det vil kome fleire når vi også får meir styrketrening inn i programmet.

På jubileumsdagen laurdag stilte det i alle fall ein ny mann. Ordførar i Hyllestad Kjell Eide var spesielt invitert, og han hadde også med seg ei lita gåve frå Hyllestad kommune på 5000 kroner.

– Dette er noko som har vore lenge i Hyllestad, og det har blitt ein viktig del av kvardagen for mange. Dette er viktig for folkehelsa, og at Cecilie har drive med dette i 20 år er fantastisk bra, fortel Eide til Ytre Sogn.

– Det er veldig kjekt på bli sett og å bli sett pris på på denne måten, seier Amundsen, og seier at nettopp folkehelseaspektet ved å drive med dette er veldig viktig.

– Dette er noko som er med på å halde sjukefråvær nede i kommunen. Og så er det klart at når du trenar til musikk og nokon står framme og pushar deg, då gir du litt ekstra.

Aukar medlemstalet
Koronapandemien sette sjølvsagt ein stoppar for Friskis & Svettis, men no merkar Amundsen at medlemstalet er på veg opp igjen.

– No nærmar vi oss 30 medlemmar. I haust gjorde Mari-Ann Vassliås comeback som instruktør etter sju års pause, og vi ser og at nokre av dei som var med før no også har komme tilbake med ho. Vi har trening for alle frå fylte 12 år, og fram til så lenge ein orkar og kan. Vi har hatt medlemmar på over 80 år, men vi oppfordrar også yngre til å komme og sjekke ut det vi driv med.

Etter at Hyllestadhallen vart bygd, er det også her treningane føregår. 

– Det var absolutt eit stort høgdepunkt for kommunen då Hyllestadhallen stod klar i 2019. Det vart eit fantastisk løft for heile kommunen, og må vere noko av det beste som har skjedd Hyllestad!