Vurderer nedlegging


–Tiltak eg har sett på for å få balanse i økonomien er mellom anna nedlegging av ein avdeling ved sjukeheimen.
Det sa rådmann Bente Nesse til Hyllestad kommunestyre torsdag.

Dette kom fram då dei folkevalde hadde føre den første tertialrapporten for 2016. Eit anna tiltak ho hadde sett på var nedlegging av Frisklivssentralen. Men det vart understreka at dette kunne ein ikkje gjere utan at sakene vart behandla i kommunestyret. Det var også fleire av talarane opptekne av.
Nesse meinte at dersom dei la ned ei avdeling ved sjukeheimen kunne ein utføre fleire av tenestene heime.

Fleire ungar

Eit samrøystes kommunestyre vedtok å auke ramma til barnehagen med 700 0000 kroner. Dette for å gje plass til nye barn. Det er nemleg slik at i august aukar talet på barn i barnehagen frå 46 til 54.

–Vi har høge lønsutgifter i barnehagen. Det har mellom anna med å gjere at vi har to med styrarløner som ikkje er styrarar. Dette er avtalar som vart inngått då vi la ned barnehagar for nokre år sidan. Frå kommunen si side har dette vore ei medviten satsing, kunne rådmannen opplyse.

Det vart vedteke, mot røysta til Geir Helge Nordstrand, Høgre, å auke foreldrebetalinga frå 2 580 kroner til makspris 2 655. For kommunen utgjer det 25 000 kroner, opplyste rådmannen.

Les meir i papirutgåva