Ein månad sidan vedtaket om nedlegginga av Tronvik


Det har gått ein månad sidan styret i Helse Førde slutta seg til å stenge dørene ved Tronvik frå 1.mai i år. Allereie ser vi kostnadane av denne slutninga, med tilsette midt i ein omstillingsprosess som gradvis splittar fagmiljøet og pasientar som uttrykkjer bekymring og usikkerheit for framtida.

Bakgrunnen for nedlegginga peikar mot økonomiske faktorar i Helse Førde. I 2022 blei det tildelt 11,5 millionar kroner for å utvide behandlingstilbodet, pengar som ikkje vart nytta. No ser føretaket derimot behovet for å spare over 100 millionar kroner i 2024, og 25 millionar forventast å komme frå stenginga av Tronvik. Innsparinga vil ikkje skje i 2024, men på sikt i det lange løp.

Det er underleg at Tronvik, ei avdeling som rundar av med grøne tal på budsjetta, vart satt øvst på spareblokka. Skal ein eksempelvis samanlikne avdelinga med dei andre i psykiatrisk klinikk når ein ser på utgifter for ekstra tilsette, ligg vi nedst på lista:

Akutt døgn: 3 027 000

Lokal tryggleikspost: 2 473 000

PSK – legar: 1 395 000

Psykose sengepost: 891 000

UPH sengepost: 868 000

UPH - legar: 622 000

ISP døgn: 586 000

BUP Førde: 466 000

NPS rus: 425 000

Allmenn døgn: 181 000

Rus døgn Tronvik: 126 000

Eg vil tillate meg å kommentere på at lokal tryggleikspost har 3 pasientar og likevel ein ekstra kostnad på nær 2,5 millionar kroner.

I sin eigen graf i styresaka om Tronvik, viser Helse Førde til at det ved to tilfelle frå januar 2021 til forbi juli 2023 var 10 eller færre pasientar frå eigen region innlagt i TSB for døgnopphald. Med ei fjerning av Tronvik, som har 15 sengeplassar og dekker 60% av døgnbehandlinga innan rusbehandling i regionen, vil det framover berre vere NPS rus på Nordfjordeid med 10 senger tilgjengeleg. Det betyr at det til ei kvar tid vil vere fleire pasientar i regionen som treng døgnbehandling enn det som det vil vere plass til framover. NPS rus set trygt med sine 10 senger til tross for at det ikkje er nok til å dekke behovet i regionen. Og sjølv om kvaliteten skal forbetrast og ventetidene reduserast, signalisera Helse Førde at nedlegginga av Tronvik vil føre til lengre ventetider. 

Det er påfallande at NPS rus har vore totalt skjerma i prosessen med å finne innsparingar. Overlege på avdelinga fungera og som rådgjevar for direktør i psykisk helsevern i Helse Førde. Slik det er no tek NPS rus imot pasientar frå Stad, Gloppen, Stryn og Kinn, og dei dekker difor langt frå Helse Førde sin region. Denne veka har Tronvik innlagde pasientar i 14 av 15 senger og NPS rus fyller 6 av sine 10 senger. NPS rus har færre pasientar innlagde gjennom heile 2023 og bruker likevel tre gonger meir kostnadar til ekstra personell enn Tronvik. Det er ein månad i heile 2023 at Eid har høgare belegg enn Tronvik, og da har dei 81,3% belegg opp mot Tronvik på 81,1%.

Helse Førde planlegg å støtte seg på avtaleplassar i Helse Vest, men dei sengene som er fjerna i Helse Vest er lik den typen behandling som Tronvik gir. Sjølv om det kanskje er nok senger, manglar dei riktig behandlingsinnhald. Pasientar vil få kort avrusing, men mange treng og stabilisering og rehabilitering, og det blir mangel på slike senger. Ei naturleg tilnærming vil vere å vurdere tilbodet på Nordfjordeid, slik at pasientar i Helse Førde kan få tilbod om eit totalt pasientforløp med avrusing, stabilisering og rehabilitering ved Tronvik, alt på same behandlingsstad.

Det er auka fokus på å styrke polikliniske og ambulante tenester, men i Helse Førde sin region er det berre FACT-team i ein av 18 kommunar. Sjølv om det er tilsett prosjektleiar for eit slikt team, er det usikkert når prosjektet vil starte på grunn av ressurs- og samarbeidsutfordringar med kommunane. Fleire kommunar signalisera og på si side bekymring for mangel på behandlingsplassar, spesielt etter nedlegging av Tronvik, utan tilsvarande oppbygging av tenester. Tidlegare reduksjon i senger i psykiatrisk klinikk førte ikkje til kompenserande tiltak på grunn av innsparingskrav. Poliklinikkane har høg arbeidsmengde, og ei nedlegging av Tronvik vil forverre situasjonen. I små kommunar variera tilbodet til denne pasientgruppa betydeleg, og samla vil endringar gå på kostnad av pasientbehandling og helsepersonells arbeidsbelastning.

Pasientar som treng døgnbehandling kan ikkje alltid bli tilbydd poliklinisk behandling. Det er personar som gjerne har mista jobb, bustad, førarkort og kontakt med familie. Døgnbehandling er juridisk bindande når det vert tildelt, og mange treng slik behandling over tid for å stabilisere livssituasjonen sin slik at dei skal klare å nytte seg av poliklinisk behandling. Problemet er at tilboda for døgnbehandling reduserast, og nedlegging av institusjonar som Tronvik vil forverre situasjonen. Det er viktig å forstå at avrusing ikkje betyr at ein er klar i hovudet med ein gong, og at pasientar treng tid og støtte for å komme seg. Det kan føre til tilbakefall om det ikkje gis tilstrekkeleg med tid. Difor er det nødvendig med institusjonar der pasientar kan føle seg trygge på at dei kan få den hjelpa dei treng for å bli betre.

For tida ligg det ute høyringsforslag på Stortinget om å sikre valfriheit og kvalitet i rusbehandling, der Stortinget i sitt første forslag ber regjeringa om å stoppe nedbygginga av døgnplassar innan TSB. Fram til 3.mars er det mogleg å komme med skriftlege innspel på Stortinget sine nettsider. Eg ber om at politikarar og organisasjonar opprettheld debatten om Tronvik og støttar forslaget om å stoppe nedbygginga av slike institusjonar ved å inkludere referansar til Tronvik i skriftlege høyringsforslag. Vi må sikre at menneske med rusmiddellidingar får den hjelpa dei treng.

Linn Therese Urnes
Spesialsjukepleiar ved rus døgn Tronvik