Uroa for dei vidaregåande skulane


- Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane kan vise til dei beste resultata nasjonalt. Kvifor gjere noko som kan endre på det? spør Dan Longfellow, tillitsvald for Utdanningsforbundet ved Høyanger vidaregåande skule.

Det fryktar nemleg han og dei tillitsvalde for Utdanningsforbundet ved dei andre vidaregåande skulane i fylket kan bli resultat av den økonomiske situasjonen som dei står overfor dei komande åra.

I eit møte 24.oktober la prosjektleiar i Vestland, Rune Haugsdal, eit budsjettframlegg om eit prosentvis nedtak på dei vidaregåane skulane i Sogn og Fjordane på 6,4 millionar kroner, og eit samla nedtak på alle skulane i Vestland på 20,3 millionar kroner. 

Framlegget vart godkjend av Finansutvalet.

Difor har Dan Longfellow og dei andre tilltitsvalde no sendt eit felles brev til Hovudutval for opplæring og kompetanse i det nye vestlandsfylket.
Dei kan ikkje sjå korleis skulane kan ta slike kutt utan at det råkar kjerneaktiviteten, og at kvalitetten på opplæringa blir dårlegare.



-.Spare pengar på bekostning av kva? spør Longfellow og viser til at elevane i Sogn og Fjordane har gode karakterar og høg gjennomføringsgrad. 



- Vi meiner at slik budsjettsituasjonen for skulane våre er, vil det vere ein vesentleg risiko for at kutt i drifta til skulane vil påverke dei gode resultata vi har hatt i negativ lei, seier han til Ytre Sogn.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!