Uttale frå møtet på kvinnedagen i Høyanger om Høyanger vidaregåande skule


Igjen heng nedleggingsspøkelset over Høyanger vidaregåande skule. Igjen må vi brette opp ermane og kjempe mot administrasjonen på fylket. Det vi trudde skulle vere ein plan for framtidig tilbodsstruktur har plutseleg blitt ein plan for skulestruktur, og det berre for Høyanger og Fitjar sin del. Sjokket var difor stort når alternativ 1 i høyringsnotatet var å legge ned skulen. 
 
Høyanger VGS er ein god skule med høg gjennomføring, der elevane trivst. Alle elevane våre på yrkesfag fekk læreplass sist haust! Ja, vi har kanskje for få elevar i reknestykket til administrasjonen, men ikkje ein einaste dag så langt har vi lurt på om det vi driv med er pedagogisk uforsvarleg. Elevane får god opplæring og god, tett oppfølging. Det er difor ekstra trasig at kvaliteten på opplæringa ikkje vert gjennomgått i notatet, for der hadde vi nemleg kome godt ut. 
 
Eitt av punkta i bestillinga frå politikarane var å sjå på arbeidsmarknaden, men det kan sjå ut som at dei ulike avdelingane ikkje snakkar i lag i det nye fylkeshuset. Næringsavdelinga heiar på Høyangersamfunnet og har peika oss ut som Grøn region Vestland, det kan ikkje opplæringsavdelinga ha fått med seg, for det vi treng framover er arbeidskraft dersom alle planane vert realisert. Reiser ungdomen ut av bygda når dei er 15 år er det sannsynleg at dei ikkje kjem att, difor må vi ha dei her og utdanne dei til å bli gode lokale arbeidstakarar. 
 
Det er også eit distriktspolitisk aspekt i dette. Vil fylkeskommunen ha levande distrikt, så må dei også legge til rette for det. Ja, kanskje kostar det meir, men samfunnsnytten er større enn det dei sparar på å legge oss ned. 
 
Høyanger skal framleis ha ein vidaregåande skule som skal utdanne elevar som skal inn i det lokale næringslivet, og dei som vil ta høgare utdanning, skal framleis kunne kvalifisere seg til det i Høyanger. Kanskje krev det noko endring, men IKKJE nedlegging! 
 
Skal vi bruke heile landet? Skal vi ha levande lokalsamfunn også i Vestland? Ja, da er ikkje dette måten å gjere det på. Vestland er eit stort fylke, med krunglete vegar og lange avstandar. Derfor må vi tole å ha nokre mindre skular. Høyanger vidaregåande skal IKKJE leggast ned!
 
Hege Rusti og Eva Fredriksen