Tronvik blir lagt ned

Det avgjorde styret i Helse Førde i dag.


Med liten tru på nye føringar frå Storting eller regjering eller inngrep som vil endre den økonomiske situasjonen til Tronvik, gjekk styret i Helse Førde inn for å legge ned drifta på Tronvik frå og med 1. mai, 2024.

Tilsetterepresentantane var negative til forslaget, men samtlege andre styremedlemmer meinte at den økonomiske situasjonen til Helse Førde gjør til at ein må stenge drifta ved Tronvik.

Etter to timar med innlegg og debatt, samt ein matpause, var det få som hadde endra meining.

– Som styremedlem er eg sett til å holde meg til rammeforholda vi er sett til å styre til. Ingen ville foreslått å leggje ned verksemda på Tronvik om det var økonomiske moglegheiter til gjere det motsette, sa Reidar Sandal, som støtta tilrådinga.

Det gjennomgåande tema var å vege det å jobbe innanfor dei økonomiske rammene opp mot kvaliteten på tilbodet, og administrasjonen sin argumentasjon om at ein både innan Helse Førde og Helse Vest vil ha tilstrekkeleg kapasitet til å gje eit forsvarleg tilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling vart vurdert som god nok grunngjeving til ei nedlegging.

Forslaget om å legge ned Tronvik vart vedtatt med mot fire stemmer.