Sundnes til topps i Vintertreffen


Anette Thingbø Sundnes (23) frå Balestrand skyttarlag held fram med å imponere. I helga gjekk ho til topps i klasse 3-5 i Vintertreffen.

Vintertreffen er eit trippel miniatyrstemne, der Fjordane, Nesse og Vadheim skyttarlag er arrangørar. Det var første gong 23-åringen, som melde seg inn i skyttarlaget i Balestrand i fjor haust, var med på stemnet, som går av stabelen i januaa kvart år. Og ho gjekk like godt heilt til topps.

– Det er alltid kjekt å gjere føre at ein meistrar det, og gjer det bra, seier Anette Thingbø Sundnes, etter 349 poeng i første stemnet i Fjordane, 347 poeng på Nessane og 346 poeng i Høyanger.

Ho er opphavleg frå Time på Jæren, men flytta til Balestrand i fjor haust då mannen hennar byrja som idrettslærar på Sygna vidaregåande skule. Då melde ho seg også inn i det lokale skyttarlaget,, og det er eit imponerande merittliste ho har med seg. Blant anna har ho vunne to gull i Nordisk meisterskap for seniorar i 2016. Ho har også vunne norgescupen to gonger, seinast i 2018.

Bidra til rekruttering


Og i Balestrand er dei nøgde med å ha fått Sundnes med på laget. Lars Halvard Ese, som vart skyttarkonge tilbake i 1980 - og som også deltok på helgas stemne – håpar at det kan gje eit oppsving i medlemstalet, ikkje minst no som dei også har fått ny skytebane i Esebotn.

– Når vi får ein slik kapasitet på laget, vil eg tru at det også kan inspirere andre til å prøve seg, seier Ese til Ytre Sogn.

Sjølv kjenner ho godt til skyttarhistoria til Balestrand, og tykkje det er gjevt å kunne representere dei. Ho fortel at ho har blitt teken utruleg godt imot av Ese og dei andre i laget.

– Eg trivst veldig godt, seier Sundnes, som byrja med idretten som 13-åring, i 2008.

Ho fortel at det var veldig tilfeldig.

– Mor mi såg ei annonse i lokalavisa om skiskyting, og lurte på om eg kunne tenkje meg å prøve det. Men sidan eg vaks opp i Tanzania vart det lite skigåing, så det var utelukka. Men eg bestemte meg for å prøve skyting, og likte det så godt at sidan har eg halde på med det.

Skryt frå konkurrent

No er det skyttarar i Sogn ho måler krefter med, og ei av dei ho har møtt i fleire stemne er Arnhild Eiken frå Hyllestad,som no representerer Leikanger skyttarlag etter at ho byrja på skule i Sogndal. Ho har drive med skyting like lenge som Sundnes, og er full av lovord om konkurrenten.

–Det betyr mykje for skyttarmiljøet å få inn ein på hennar nivå. Det motiverer jo oss andre også til å bli endå betre. Ho har vel vunne alle gongene vi har møttest, seier Eiken, og nikkar mot Sundnes.

– Nei, du vann stemnet i november. Eg trur det var i Aurland, seier Sundnes.

– Ja, det stemmer, seier Eiken og smiler.

I helga var det 3. plass på ho, etter å ha skote høvesvis 344, 343 og 341 poeng.

– Eg veit eg kan betre, så eg er ikkje heilt nøgd med resultatet, seier ho.