Helene Reigstad imponerte med totalt 1043 poeng over dei tre stemna, berre sju poeng frå maks score.

Vintertreffen 2024

Trippelstemna Vintertreffen vart arrangert av Fjordane, Balestrand og Nesse skyttarlag denne helga.


Det var tilsaman 155 deltakarar som var med, og dei fleste deltok på alle tre stemna medan andre var nøgde med deltaking på eitt eller to stemne.

Mange gode resultat vart presterte og best av alle i samanlagtklassen 3-5/EJ vart den tidlegare Balestrandsskyttaren Helene Reigstad. Ho har no flytta heim igjen til Seim, men kom tilbake til gamle trakter og slo dei lokale skyttarane. 

Reigstad er fersk 5. klasse skyttar etter å ha vore i Eldre Junior tidlegare. Med poengsummen 1043 mista ho berre 7 poeng frå maksimalt oppnåelege 1050 poeng. Reidun Kristin Knapstad, Florø vart nest best, med totalt 1039 poeng. 

I Eldre Rekrutt klarte Vegard Yttri Horge, Tønjum, å skyte tre stemne med 347 poeng, noko som både er eit høgt og jamnt resultat.

Årets første stemne kunne og skilte med heile 35 deltakarar i Nybegynner Ung klassen.

– At så mange vart med på Vintertreffen 2024 viser at det er godt rekrutteringsarbeid i mange skyttarlag. Dette var det aller kjekkaste med dette stemnet, seier leiar i Fjordane Skyttarlag Svein Bjarnar Nesse.

Vegard Yttri Horge leverte 347 poeng i alle tre stemna under Vintertreffen 2024. (Begge foto: Fjordane Skyttarlag)

Resultat

Last ned resultatlista som PDF her.