Storfamilien kjem til Nesheim Camping kvar sommar


For søskena Olav, Reinhardt og Astrid Førde blir det ikkje skikkeleg sommar før dei kjem på campingplassen i Bjordal.

– Vi fall for plassen med ein gong, og no er det vårt sommarparadis, seier Olav, og trekk blant anna fram alt området har å tilby av aktivitetar.

– Kor mange vi er her i år? No er vi vel 15. Men i kveld kjem to til, blant anna ei dotter, så då kjem vi opp i 17. Det er likevel få samanlikna med det vi elles pleier å vere. Vanlegvis er også eit par venefamiliar med, slik av vi er mellom 20 og 25 frå Oslo og omegn, fordelt på fire-fem hytter.

Les meir om saka i Ytre Sogn fredag.