Hjerteslag med Robert Eidevik i spissen skal headline Sommargry i Hyllestad. (Foto: Fysisk Format)

Hjerteslag til Sommargry

Førre fredag kunne Sommargry-festivalen i Hyllestad annonsere headlinaren sin etter at dei tidlegare hadde avslørt at både MAIH og Oddny kjem.


Leiar for frivilligsentralen, Julie Einen, fortalde førre veke til Ytre Sogn at dei gleda seg stort til å annonsere headlinaren sin til Sommargry-festivalen i sommar.

– Vi vil skilje oss litt frå mengda, og har ein veldig kul headlinar, kunne ho freiste med då, og festivalleiinga skuffa ikkje.

Det blir Hjerteslag frå Bergen som får æra av å avslutte laurdagskvelden i hagen til Prestegarden i Hyllestad. Bandet skapte seg eit namn i Bergen og Norge si musikkscene med debutalbumet «Møhlenpris Motell» i 2015, og har sidan gitt ut ytterlegare fire studioalbum.

Vokalist og frontmann Robert Eidevik skilte lag med dei fire andre i bandet i 2020, og har no samla kjende bergensmusikantar til ei ny besetning. Dei kom i 2022 med comeback-albumet «Tyvens Dagbok».

Bandet er kjend for gitarbasert og drivande rock, sterkt inspirert av Manchester-band frå 90-talet, som The Smiths og Stone Roses.

Hjerteslag har hausta gode kritikkar frå første album av, og er også anerkjent som eit spesielt godt liveband.