Spontan hagekonsert på Hjetland


Kva gjer ein når musikkøvingar og anna er avlyst, som følgje av koronasituasjonen? Jo, ein held konsert i hagen, saman med gode naboar.



Det gjorde i alle fall den vesle gruppa, beståande av fire naboar på Hjetland i Høyanger, torsdag ettermiddag.

- Med god avstand til kvarandre, sjølvsagt, understrekar Anita Nordheim overfor Ytre Sogn.

Det var ho, saman med Hildegunn Norevik Løland (trombone), Bjørn Olsen (euphonium) og. Kirsti Oma (fløyte), som held konserten i nabolaget sitt på Hjetland i Høyanger. Sjølv stilte ho opp med barytonsaksofon.

Saman framførte dei «Fanfare» av William Duncombe. (Sjå video under!)

- Eg spelar jo ein del på hobbybasis, og det starta med at eg sat heime onsdag kveld og lurte på kva eg skulle finne på, no som både øvingar, konsertar og anna er avlyst, som følgje av koronasituasjonen. Så kikka eg bort på nabohuset, der Hildegunn bur, og tenkte at «Ho spelar jo også». Det same gjer Kirsti og Bjørn, som også bur rett ved. Tilsaman vart det jo ein kvartett! Så eg kontakta dei og lurte på om dei vart med på det vesle musikalske stuntet. Og dei sa alle ja med ein gong, fortel Nordheim.

Deretter sende ho over notar til dei, og det tok ikkje lang tid før ho høyrde at øvinga var i gang i nabolaget. 

Og neste ettermiddag gjekk den vesle, spontane hagekonserten av stabelen på Hjetland. Litt publikum fekk dei også, beståande av tilfeldig forbipasserande.

Nordheim fortel om mange gode tilbakemeldingar på stuntet deira.

- Etter at vi la klippet ut på facebook har det i alle fall blitt mange delinger og likes, seier ho og utelukker ikkje at det kan bli fleire hagekonsertar framover.

- For oss var det i alle fall kjekt å kunne spreie litt musikkglede i ei vanskeleg tid, seier Nordheim.