Fin feiring for 100-åringen Aasta Hjetland


Onsdag 5. juli fylte Aasta Hjetland 100 år og dagen vart feira på Kyrkjebø sjukeheim. For utan den næraste familien kom også ordførar Petter Sortland for å heidre den flotte jubilanten. Han hadde med blomar og gode ord til den opplagde og smilande 100-åringen.

Brevet frå kongen var forseinka og Aasta hadde ei grei forklaring på det.

– Nei, brev frå kongen har eg ikkje fått. Han hadde vel ikkje fleire frimerke, sa ho, til stor latter frå gjestene. 

At ho sette pris på både besøk og god mat, var ikkje vanskeleg å sjå, der ho stadig fortalde frå gamle dagar. Ei fin feiring for nok ein flott 100-åring i kommunen vår. 

Aasta hadde på seg Sunnmørsbunaden sin i høve dagen og er her omkransa av dei fire døtrene sine som også hadde på seg bunad. Frå venstre Hilde, Liv, ordførar Petter Sortland, Anne og Gro.

Eit hav av blomar omkransa Aasta Hjetland etter 100-årsdagen. Prikken over i’en var helsingsbrevet frå kong Harald.