Malene utteken til VM


–No har eg fått melding frå Norges Friidrettsforbund om at eg er utteken til verdsmeisterskapen i ultraterrengløp.
Det seier Malene Blikken Haukøy frå Kyrkjebø til Ytre Sogn.

Som tidlegare meldt i Ytre Sogn vart Malene Blikken Haukøy norsk meister i denne idrettsgreina tidlegare i sommar. Meisterskapen vart avvikla i Hornindal. Det vart sagt før NM at dei som vann dame- og herreklassen skulle representere Norge i VM.

Men då Ytre Sogn snakka med henne dagen etter NM hadde ho ikkje fått det stadfesta.
–Stadfestinga frå friidrettsforbundet kom for ei veke sidan, seier ho.

Les meir i papirutgåva