Malene (27) førebur seg til sitt lengste løp


Det lengste løpet Malene Blikken Haukøy (27) har gjennomført til no har vore på 75 kilometer. No førebur ho seg til Grossglockner Ultra Trail i Austerrike på 110 kilometer.

– Det lengste løpet eg har fullført til no er Hornindal Rundt, som er på 75 kilometer. Det tykte eg var langt. Men det er nokre år sidan, og eg trur at eg er sterkare no, seier Malene Blikken Haukøy, som no førebur seg til løpet som går rundt det som er Austerrikes høgaste fjell, Grossglockner på 3798 meter.

27-åringen frå Kyrkjebø fortel at ho har kjent til Grossglockner Ultra Trail i nokre år, og høyrt mykje bra om det, blant anna av vener som har delteke.

– Eg byrja å google det og tykte at løypa såg kjekk ut, og i tillegg er området utruleg fint! seier ho.

Løpet byrjar og sluttar i Kaprun, og tek løparane gjennom sju dalar, tre fylke, over to alpepass og fjorten brear - alt omkransa av 300 toppar på over 3000 meter.

– Eg har tenkt ei stund på å delta i eit lenger løp. Det har blitt ein del siste åra, men det er alltid kjekt å sjå kva ein greier. 100 kilometer er jo ein milepæl, så det blir kult å sjå om eg no kan greie 110 kilometer, seier ho.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!