Lyktestolpe knekt tvert av i Hålandsvegen

Ein lyktestolpe er knekt tvert av etter at nokre steinar har ramla ned frå fjellsida.


To store steinar ligg i vegkanten etter å ha ramla ned nokre titals meter i fjellsida. Dei har renska skogen og knekt tre der dei har falt ned, og på andre sida av vegen har ein lyktestolpe knekt rett av som følge steinane. Det er satt opp kjegler og markert med varselsband på staden.

– Det er folk der no og skal sikre. Og så må vi kontakte NVE og få nokon geologar til å sjå på det, seier Olav Nordgulen, leiar for drift og vedlikehald i Høyanger kommune.

Foto: Ståle Walsvik

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.