Er det endelege vedtaket til Mattilsynet i saka om dei forvilla geitene på Kvist ei redning eller ein dødsdom? Hans Johan Breidablikk trur det sist­nemnde er tilfelle. (Foto: Geir Ove Elveseter)

Ser ingen annan utveg enn avliving etter vedtak

Hans Johan Breidablikk trur at meldinga om at dei forvilla geitene på Kvist får leve tvert imot er den endelege dødsdommen.


I september i år fortalde vi i Ytre Sogn om planane om etablering av ei stifting som ka ta over eigarskapen og ansvaret for dei forvilla geitene på Kvist, der Hans Johan Breidablikk spelar ei sentral rolle.

Han vart først glad då han såg overskriftene i slutten av førre veke omhandlande at Mattilsynet let geitene få leve, men då han fekk sett seg grundigare inn i saka såg han at det – ifølge Breidablikk sjølv – langt frå er tilfelle.

– Den einaste endringa her er at Mattilsynet no opnar opp for at noverande eigar kan gje vekk eller selge geitene til nye eigarar som kan ta seg av dyrevelferda etter føresetnadane som Mattilynet krev, mellom anna i form av liggeplassar og oppfølging av sjukdom og skadar. Fristen som er sett er mai 2024, noko som er alt for kort tid til at ein skal kunne finne ei realistisk løysing rundt eigarskap. 

Breidablikk meiner at det omgjorde vedtaket nærast er eit spel for galleriet der Mattilsynet ønsker å framstå som positive til ei løysing som let geitene få leve, men at tilsynet samstundes gjer det så vanskeleg å få løysingar på plass at det uansett vil ende med avliving.

I september gjekk Hans Johan Breidablikk og Judith Hegrenes ut i Ytre Sogn med sitt håp om etablering av ei stifting som kan ta over eigarskap og ansvar for dei forvilla geitene på Kvist. No trur Breidablikk at sjansen for at ei slik stifting blir oppretta er minimal grunna kort frist.

– Det er sett ein svært kort frist og eg meiner at ein i alle fall burde fått til over sommaren med å finne løysingar. Om vi til dømes skulle fått på plass ei stifting er det ein prosess som tek noko tid. Ein må finne folk som kan vere med i stiftinga, finansiering må på plass, og ein må lage planar og praktiske løysingar for dyrehaldet – berre for å nemne noko – og det let seg ikkje gjere på eit par vintarmånadar. Geitene må og fangast inn, noko som er ei nærast umogleg oppgåve no vinterstid i snøen.

For Breidablikk sjølv er det lite motiverande å skulle jobbe aktivt med å få på plass ei stifting no når han er overtydd over at dei uansett ikkje vil kome i mål med nokon akseptabel løysing for Mattilsynet i løpet av mai.

– Eg trur fristen er sett så kort med hensikt. Med tanke på kor lang tid Mattilsynet har brukt på denne prosessen sidan vedtaket om avliving vart kjent i mars i år kunne dei godt ha sett ein frist som er eit par månadar lengre no når dei har teke eit endeleg vedtak.

Det er langt frå første gong at framtida til dei forvilla geitene på Kvist har vore tema. Her er nokre avisutklipp tilhøyande nabo Norodd Baug frå midten av 80-talet som omhandlar avliving grunna tøffe levekår og avmagring.

Etterlyser regelverk
Breidablikk fortel at gruppa bak initiativet om ei stifting har forsøkt å få tak i noverande eigar, utan hell.

– Det er sjølvsagt også av avgjerande betydning kva noverande eigar ønsker og er i stand til å gjere i saka. Vi får ikkje tak i vedkomande, og eg synest synd på han som no igjen blir sittande med eit tungt ansvar. Alt blir lagt over på han.

Sjølv meiner Breidablikk at det er systemet og regelverket som burde teke ansvar i saka, og feia for eiga dør.

– Det er heilt opplagt at situasjonen rundt geitene på Kvist er unik og at det ikkje finst noko regelverk som dekkar denne inn  på ein tilfredsstillande måte. Det logiske her ville vore å erkjenne at ein ikkje har eit godt nok regelverk og byrja ein prosess der det blir forbetra, og så i mellomtida latt geitene få leve. I staden går Mattilsynet for den enkle løysinga som er å legge ansvaret over på eigaren og konkludere med avliving om geitene ikkje blir gjort om til husdyr.