– Vi har kanskje «tapt» min generasjon, men Høyanger tettstad kan framleis gå ei lys tid i møte om vi tek vare på dagens 20-åringar, seier Stig Hovlandsdal Øvreås.

La oss gripe denne moglegheita Høyanger


Den siste månaden har vore ein god månad for Høyanger tettstad. Hydro Recycling Casthouse med sine 20 tilsette starta opp sin produksjon i dei gamle Fundo-lokala, og i påska opna Eides Hotell/Joss Pub igjen, med overveldande oppslutning frå lokalbefolkninga.

Samstundes veit vi at Tronvik Rus Døgn no er inne i sin siste månad i drift, og Høyanger vidaregåande skule er – igjen – føreslått lagt ned. Sistnemnde med bakgrunn i lågare elevtal og dystre framtidsutsikter for folketalsutviklinga.

Sjølv tilhøyrer eg det ordførar Petter Sortland har omtala som «ein tapt generasjon». Eg var ung vaksen då Fundo gjekk konkurs i 2009, og mange av mine jamnaldrande forsvant med Fundo og kom aldri tilbake. Eg har ikkje opplevd storheitstida til Høyanger som eg høyrer mange snakke om, og eg har derfor ingen nostalgi til eit Høyanger som ein gong var. For meg er det eit Høyanger som skal bli, som er fokus.

Her meiner eg at Høyanger no står ved eit vegskilje og har moglegheiter som kan gripast som kan gje eit positivt utslag om vi gjer nokre fornuftige val og jobben som trengs.

Høyanger har ein aldrande befolkning og få 30-åringar, noko som viser igjen i fødselstala, men Statistisk sentralbyrå sin aldersfordelingsoversikt viser og at vi har ein god del 20-åringar i kommunen. Det er desse vi må ha fokus på no. Vi må halde dei heime, og få dei som er ute og som tek høgare utdanning heim igjen. Då er arbeidsplassar, bu- og blilyst avgjerande. Opninga av både Hydro Recycling Casthouse og Eides Hotell/Joss Pub den siste månaden i kommunesenteret er svært gledeleg nytt i så måte.

Eg tilhøyrer kanskje ein «tapt» generasjon, men bak meg kjem det ein skokk med 20-åringar. Om vi taper dei og er det nok «kroken på døra» for Høyanger tettstad. Det må vi unngå for ein kvar pris, og då må det dugnad til frå oss som er meir etablerte.

Det er klart arbeidsplassar er viktig, men eg trur trivsel er ein vel så sentral nøkkelfaktor om vi skal lukkast med å halde på og få heim igjen dagens 20-åringar som er folkeregistrert i Høyanger, men som er ute og studerer eller jobbar. Trivsel skapar vi gjennom opplevingar og tilbod, og dei skapar ikkje seg sjølv. Det er nokon som må gjere ein innsats og ein jobb for å skape liv og røre, og med færre folk i tettstaden er det noko som blir stadig vanskelegare og stadig mindre kommersielt lukrativt.

Og det er nettopp då vi treng lokalpatriotane og eldsjelene som er villige til å gjere litt ekstra, og her er det no for tida vanskeleg å ikkje trekke fram gjengen bak Eides Hotell.

Dei har fått hotellet på fote igjen på rekordtid, er alt i full gong med arrangement som appellerer til 20-åringar og andre, og dei har eit uttalt ønske om å skape eit lokalt kulturhus og ein møteplass fylt med liv og aktivitet. Alt det utan nokon form for ambisjon om å tene pengar. Inntektene skal brukast på bygg og eit betra tilbod. Motivasjonen bak er å vere med på dugnaden det er å halde liv i Høyanger tettstad og snu ei negativ stemning til trivsel og tankar om vekst.

Dette er eit fantastisk initiativ frå ei gruppe med gjennomføringskraft som og har dei rette haldningane. Forhåpentlegvis skapar det som no har skjedd med og på Eides og ein smitteeffekt lokalt.

Framtida til Høyanger koste seg på påskerocken på Eides Hotell/Joss Pub skjærtorsdag. La oss alle gjere det vi kan for å skape fleire gode opplevingar for våre unge vaksne slik at dei blir glade i heimplassen sin, og ønsker å bu her og vere med på utvikle den vidare.

Det er tungt å drive med handel, tenesteyting og arrangement i Høyanger tettstad i 2024. Butikkane våre gjer til dømes så godt dei kan, og dei kjempar for å overleve. I ein slik situasjon er det viktig å ikkje «gi opp» og drukne i ein tanke om at alt vart betre før, og at ingenting nyttar i dag.

Vi i lokalavisa står midt i den same problemstillinga som handelsnæringa. Vi har abonnementsnedgong og lågare annonseinntekter, men vi vil som eit lite lokalt mediehus prøve å gjere det vi kan for å skape opplevingar og trivsel. I fjor sommer samla vi til dømes Høyanger på bytorget under vår markering av Ytre Sogn sitt 25-årsjubileum, noko som var veldig kjekt. Slikt krev litt innsats og medfører visse utgifter, men det er no litt moro og, og vi såg mange andre som koste seg denne dagen. Vi har som dei fleste andre begrensa med ressursar, men slikt gir meirsmak, og inspirerer til gjentaking. Det er ikkje alltid så mykje som skal til heller for å stable på plass ein «happening».

Det er mange måtar ein kan bidra på for å skape bu- og blilyst for 20-åringane våre. Ein ting er å skape tilbod sjølv, men det er langt frå den einaste måten ein kan vere ei positiv kraft på.

Om du til dømes er ein pensjonist som kjøper ein kaffi og eit kakestykke på Eides vil du bidra til å halde drifta der i gong, og då indirekte til at dei kan lage til ulike tilstelningar og arrangement for dei yngre.

Så handl lokalt folkens, og bruk lokale tilbod, for det skapar handlingsrom. Så er det vi som har større føresetnadar for å skape aktivitet enn «folk flest» sitt ansvar å bruke det handlingsrommet til å nettopp lage litt liv og røre, og då kanskje særleg retta mot 20-åringane våre.

Det er dei som er framtida vår, og dei finst. Jobben vår er og blir å ta godt nok vare på dei.

Kven blir med på dugnad?

Stig Hovlandsdal Øvreås
Dagleg leiar i Tell Media og redaktør i Ytre Sogn