Bård Nordvik (trommer), Hans Kristian Steen Rein (gitar/vokal) og Christer Ottesen (bass/vokal) i Magick Touch er ein krafttrio som avslutta dobbeltkonserten med stil.

Konsertkommentar: Kor e alle heltar hen?

Denne artikkelen om konserten til Sahg og Magick Touch på Joss Pub i Høyanger laurdag er ganske kort. Det er det ein grunn for.


Høyanger Rock- og Bluesklubb gjorde i helga comeback som konsertarrangør med bergensbanda Sahg og Magick Touch på plakaten. Denne avisartikkelen kunne fortalt deg om kor bra den konserten var, men det kjem den ikkje til å gjere. Og det er ikkje fordi konserten ikkje var bra, snarare tvert imot.

Grunnen til motviljen frå journalisten si side er at det er mykje betre å oppleve musikk sjølv, enn å lese om den i avisa. Og om du var ein av dei som var på Joss denne kvelden veit du jo alt frå før at Sahg og Magick Touch er to ekstremt kompetente band som leverte ein konsert Joss verdig.

Det var i alt 108 betalande gjestar på Eides Hotell denne kvelden, men det var nok langt frå alle som løyste billett som tok turen ned i kjellaren for å høyre på musikk. Der var det kanskje halvparten så mange, noko som gjer det fristande å låne frasa «kor e alle heltar hen?» frå ein annan bergensk musikar.

Høyanger er heldige som har fått tilbake Joss Pub som konsertscene, og Høyanger Rock- og Blues­klubb som konsertarrangør, og då må folk i og rundt industribygda kjenne si besøkstid og møte opp. Lokale heltar må krype ut frå krikar, krokar og vorspiel og bli med på moroa, slik at det kan bli meir moro også seinare.

Og når høyangerpublikummet i tillegg får servert musikk på internasjonalt nivå kan ein heller ikkje skulde det noko labre oppmøtet på kvaliteten. Kanskje Sahg og Magick Touch spelar musikk som er litt i hardaste laget for ein del av dei som berre vil ha ein kjekk kveld ute, men det er nok og ganske mange som ikkje var til stades laurdag som ville hatt stor glede av å vere det.

Olav Iversen og resten av Sahg leverte ein meget bra konsert på Joss Pub laurdag. Den burde fleire fått med seg.

Tett og tøft

Om denne avisartikkelen skulle sagt noko om musikken som vart servert – noko den då nektar å gjere  – ville den truleg sagt at både Sahg og Magick Touch spelar tung riffbasert rock, og står på skuldrene til kolossar som Black Sabbath og Deep Purple. Sahg hentar og tidvis element frå black metal, noko som gir musikken ein ekstra dimensjon. 

Særleg imponerande var nok nettopp Sahg denne kvelden, og dei spelte eit vanvitig tett og tøft sett. Frontfigur Olav Iversen – som var med å etablere Sahg for 20 år sidan, og som har vore det einaste konstante medlemmet i bandet sidan – er ein svært habil gitarist og vokalist, og når trommis Mads Lilletvedt og vikarbassist Christer Ottesen groovar hardare enn eit velsmurt diesellokomotiv, blir det rett og slett berre veldig bra.

Men det får du då altså ikkje vite her. Bli heller med på neste konsert, så får du oppleve desse tinga sjølv framfor å lese om det i avisa etterpå.

Ottesen var også vikarierande bassist i Sahg denne kvelden. Flink fyr.