Kvar fredag tilbyr Rune og Sarah datahjelp på butikkane


Gapet blir større og større for dei som ikkje heng med i den digitale utviklinga. Det ønskjer DigiDeg i Hyllestad å gjere noko med.

– Norge er verdsleiande når det kjem til folk sin tilgang til og bruk av digitale løysingar, og det blir teke for gitt at alle har tilgang til digital informasjon og samhandling. Men det er ikkje hjelp i å ta i bruk all verdas innovative løysingar om folk ikkje kan bruke dei. For det er framleis mange hundre tusen som ikkje deltek, og mange av dei kvir seg også for å vedgå at dei ikkje gjer det, eller at dei av økonomiske årsaker ikkje kan det. Det gjer også terskelen for å be om hjelp til å gjere noko med det høgare, og det er her vi i DigiDeg kjem inn, ved å tilby innbyggjarane hjelp til kvardagslege digitale utfordringar, seier Rune Thorsnes og Sarah Sætveit, som begge har vore tilsett i prosjektstillingar på 20 prosent kvar sidan i vår.

Dei fortel om tre satsingsområde: 1) Gratis rettleiing til innbyggjarane (drop-in)
2) Grunnopplæring i digitale ferdigheiter på grunnskulenivå
3) Bestilling av grunnleggjande kurs eller temakveldar.

– Det er første området vi no er i gang med, med tilbodet om «Drop-In», seier dei to til Ytre Sogn.

Når vi møter dei er det på Leirvik senter, som er ein av fire stader i kommunen dei har tilbod om såkalla «drop-in». Kvar fredag frå klokka 11 til 14 er dei på plass inne på ein av butikkane i kommunen, der alle som vil kan stikke innom om det er noko dei treng hjelp til, anten det gjeld mobil, nettbrett eller pc. Kvar måndag og torsdag har dei same tilbodet i biblioteket i Hyllestad.

– Akkurat no er det å gje innbyggjarane grunnleggjande digitale ferdigheiter som står i fokus, seier dei to om tilbodet, som er gratis.

Les meir om DigiDeg i siste utgåva av Ytre Sogn!