Det første finansministeren gjorde då han kom inn til forsamlinga som venta på han i Høyanger Recycling var å helse på skuleelevane som hadde blitt invitert med på opninga. Vedum stilte fleire spørsmål som elevane ikkje hadde nokon problem med å svare på, så det var heilt tydeleg at dei hadde gjort leksene sine knytt til kraft og aluminiumsproduksjon på førehand.

Vedum opna Høyanger Recycling

Det vart mannen med den store pengesekken som fekk æra av å opne Høyanger Recycling fredag.



Hydro sitt resirkuleringsanlegg Høyanger Recycling heimehøyrande i dei gamle Fundo-lokala på Hjetland i Høyanger har vore i drift i vel ein månad, men det var først fredag at anlegget vart offisielt opna. Det var finansminister Trygve Slagsvold Vedum som klipte snora, og senterpartileiaren var nysgjerrig på det Høyangersamfunnet hadde å by på og fortelje om under besøket. Han tok seg og god tid til å snakke med dei frammøtte, og utstyrt med ei symbolsk gammal kaviartube talte han til forsamlinga. 

– Det var veldig moro å snakke med dere frå skulen, for dere spurde meg kva slags bil eg køyrer. Eg svarte Volvo, noko dere synest var litt kjedeleg fordi dere synest Porsche, Audi, Tesla, BMW og andre bilmerke er kulare, men kva er det som finst i alle desse bilmerka? Det er aluminium, og det er som er så heilt ellevilt er at om to år når nokon kjøper seg ein ny Porsche, så veit ikkje dei at dei eigentleg køyrer rundt i ei gammal kaviartube som har blitt resirkulert her i Høyanger, og smelta om til «ny» aluminium. 

Ordførar Petter Sortland (f.v), Executive Vice President for Hydro Energy Arvid Moss, fabrikksjef Ann Synnøve Øygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum i det ministeren klipper snora som markerer at Høyanger Recycling no er offisielt opna.

Vedum har stor sans for at ein i Høyanger har spelt vidare på det dei alt er gode på, nemleg industri.

– Det at ein har kunnskapen og historia her, og bruker den til å lage nye attraktive løysingar og produkt, er fantastisk. Det viser og ei vilje til å satse framover frå hjørnesteinsverksemda Hydro, men også frå kommunen som samarbeidspartnar som tilrettelegg, andre lokale aktørar og hjelparar, og dei som bur her.

Minst men størst
Tematikk rundt fordelane ved å smelte om forbrukermetall som er ferdig med sin første livssyklus, og korleis anlegget i Høyanger er heilt i front – også samanlikna med andre resirkuleringsanlegg internt i Hydro, slik som det i Årdal – var noko som både fabrikksjef Ann Synnøve Øygård, Executive Vice President for Hydro Energy Arvid Moss, og ordførar Petter Sortland var innom i sine talar.

– Dette er eit utruleg viktig bidrag til at Hydro kan selje produkt og valseblokker frå metallverket med eit lågast mogleg CO2-avtrykk, men vi kjem og til å levere produkt til andre elektrolyseverk i Hydro-konsernet, sa Øygård, medan Sortland med nokre enkle tal effektivt illustrerte kor stor miljøgevinst som ligg i denne resirkuleringa.

– Hydro Høyanger er det minste aluminiumsverket til Hydro, men no samstundes det største verket i Norge i forhold til resirkulering av aluminium. Her bruker ein berre fem prosent av den energimengda som ein bruker til å lage aluminium på den normale måten. 

Inga opning utan kake, og elevane frå Høyanger skule sa ikkje nei takk til ein over snittet næringsrik lunch.

Vedum var lydhør og interessert i å lære. Under omvisinga på resirkuleringsanlegget var det støyperisjef Jonny Manseth som var «guide».

– Heilt sidan aluminium vart ei handelsvare midt på 1880-talet er 75 prosent som er laga frå den tida og fram til i dag fortsatt i bruk. Det seier noko om metallet si unike evne til å reprodusere seg sjølv. Det mister ikkje kvalitet, styrke eller formbarheit. Det kan brukast om igjen, og om igjen, og om igjen. 

Sortland gjorde også eit poeng ut av at sjølve lokala som Høyanger Recycling held til i, og smelteomnen som står der, kjem i kategorien gjen­bruk, sidan dette er anlegg som tidlegare har blitt brukt til felgproduksjon, men som no har fått eit nytt liv som resirkuleringsanlegg.

– 23 000m2 areal har stått tomt her sidan jula i 2018, og vi lo vel litt då Hydro-planleggarane kom til oss og sa at dei måtte bygge på med 2000m2. Men det handlar rett og slett om det som er ein nøkkel her, nemleg logistikk. Det skal fraktast enorme mengder med råvarer inn, og enorme mengder med ferdigvare ut. 

Hotellinspeksjon
Den store roboten som står som ein av dei siste komponentane i produksjonslinja, og som tek seg av fleire oppgåver, går for tida berre under namnet «Roboten», noko verkssjef Øygård synest er litt stussleg. Ho inviterte derfor til ein namnekonkurranse, og noko av det siste finansministeren gjorde under opninga var å levere sitt namneforslag i innsamlingsboksen «Haimat», som klasse 5B vann den nasjonale konkurransen «Aksjon gjenvinning» med i fjor. 

Robotarmen som løfter dei ferdige aluminiumssuggene frå støypelinja er for tida namnlaus, men det skal ein namnekonkurranse gjere noko med. Finansministeren leverte første forslag i «Haimat», og så kom designarane bak resirkuleringsboksen i klasse 5B ved Høyanger skule etter for å levere sine konkurransebidrag.

Deretter gjekk turen for Vedum til Eides Hotell for ein matbit der i form av den legendariske Eides­pizzaen, og han fekk også orienteringar om hotellet si historie og framtid, samt status for K1 trappeprosjektet og musikkmiljøet i Høyanger.  

Etter pausen med noko fagleg input på hotellet var det ein godt nøgd og lettare imponert finansminister som oppsummerte inntrykka frå Høyanger.

– Dette er veldig bra, og noko som er ekstra kjekt er at det var nesten 100 søkjarar til dei 21 stillingane til det nye resirkuleringsanlegget. Det viser at folk vil bu og satse her. Og så synest eg at det er ei fin utvikling av industritradisjonen til Høyanger. Ein har det tradisjonelle verket, men får no resirkuleringsverket i tillegg. Det styrker begge føttene.

På Eides Hotell stod eigarane klare med Eidespizza då Vedum dukka opp. Han fekk også ei omvising på hotellet av Bjørn Ståle Helle, i tillegg til orienteringar om K1-trappeprosjektet og status for musikkmiljøet i Høyanger.

Vedum gav også honnør til eigargruppa som har teke over Eides Hotell, og det dei står for i lokalsamfunnet.

– Det krevst ein god del idealisme å overta eit hotell som dette, og det at dei har kome så langt med planane sine i løpet av berre eit par månadar er imponerande. Mange bruker så lang tid på å tenke ut kva dei i det heile teke skal gjere, medan her har dei alt handla. Høyanger er ein unik stad. Dere som bur her ser det kanskje ikkje like godt som vi som er gjestar, men både arkitekturen som er her, korleis alt er planlagt, kyrkja, sentrum og byporten, gir ein unik atmosfære med masse kvalitetar. Og så fekk eg ei utfordring om å springe opp K1-trappene når dei opnar. Eg kan nok ikkje love at eg skal springe, men eg kan strekke meg til at eg kan tusle og rusle oppover. 

Det aller siste som skjedde før Vedum reiste frå Høyanger igjen var at han snubla over Dag Nestegjerde i Hydro på gata utanfor den gamle verksporten. Der fekk han overrekt ein liten aluminiumsbarre frå resirkuleringsanlegget som han fekk med seg heim igjen.