Gir ut bok om barndomsbyen


– Det var noko heilt anna å vekse opp i Høyanger, enn i bygdene rundt, seier Wenche Fossen. No gir ho ut bok om det.

Den har fått tittelen «Gatelangs i barndommens by», og kjem ut i oktober.

– Det er over 100 år sidan industrireisinga starta i Høyanger, og denne perioden har forma eit lokalsamfunn med særeigne kulturelle og sosiale verdiar. Ja, det har sett sport i alle som vaks opp her. Det er noko eg gjerne vil formidle vidare til etterkommarar, slik at dei også blir kjende med historia, som også er deira, seier Wenche Fossen til Ytre Sogn.

Difor er boka hennar også lagt opp som ei vandring gatelangs i Høyanger med barnebarna Vilde på 17 år og Ole Johannes på 22.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!