Hyllestad får 6,1 kilometer med ny asfalt (Illustrasjon: Vestland fylkeskommune)

6,1 kilometer ny asfalt i Hyllestad i 2024 –⁠ Høyanger får 138 meter

I Vestland fylkes­kommune sitt Dekkeleggings­program for 2024 får Hyllestad 6,1 kilometer med ny asfalt i 2024, fordelt på to vegar. I Høyanger får dei 138 meter ny gangveg.


Nyasfalteringa vil skje på Skorsvegen, der det er planlagt 2,75 kilometer ny asfalt, og på strekket Hyllestad – Hatlem, der det er 3,38 kilometer som vil kome i løpet av 2024.

Skorsvegen har ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 350, det vil sei at dei i gjennomsnitt passerer 350 bilar på vegen i døgnet i løpet av eit år, medan strekket Hyllestad – Hatlem har ein ÅDT på 700.

I Høyanger kommune er det berre gang- og sykkelveg på Nessane som er inne i programmet. Her er det lagt inn 128 meter med ny asfalt.

Vestland fylkeskommune har også løyva 8,5 millionar til trafikktryggingstiltak i 2024. Verken Høyanger eller Hyllestad har fått nokon av dei pengane, då ingen av kommunane søkte.