Vindkraft og industri –⁠ som hand i hanske


Vindkraft og kraftkrevjande industri går godt saman. I dag kjem 25 prosent av krafta Hydro nyttar til sine aluminiumsverk i Noreg frå vind. 

I innlegget «Vindkraft passar ikkje saman med kraftkrevjande industri» i Ytre Sogn 24. november hevdar Albert Berveling og Ingunn Kjelstad at «erfaringane fra Markbygden Ett viser at ein stadig auka andel vindkraft er ein trussel for eksistensen til norsk kraftkrevjande industri». Det stemmer ikkje. Hydro har i fleire år nytta vindkraft til å produsere aluminium og har gradvis auka delen av vindkraft i vår kraftforsyning.

 

I 2017 signerte Hydro ein langsiktig kraftavtale (PPA) med vindparken Markbygden i Sverige for årleg fast levering av 1,65 TWh i perioden 2021-2039.  Dette er ein av fleire langsiktige kraftavtaler Hydro har inngått med vindkraftprodusentar. Vindkraftavtaler står i dag for om lag 25 prosent av krafta Hydro kjøper til våre aluminiumsverk. 

Som fleire medier har omtala pågår ein juridisk prosess mellom Markbygden og Hydro etter at Markbygden ikkje har halde si leveringsplikt til Hydro etter avtalen. Det er alvorleg og saka går no i svensk rett. 

Det blir likevel lettvint å nytte ein pågåande kontraktstvist mellom Hydro og eit vindkraftverk i Sverige som generelt argument i vindkraftdebatten. Like lite som driftsproblem ved eitt aluminiumsverk stadfester at all aluminiumsproduksjon er nyttelaust, kan heller ikkje leveringsproblem ved eitt vindkraftverk stadfeste at det same vil skje alle andre. 

Berveling og Kjelstad påstår at Hydro motseier oss sjølve når ei pressemelding peiker på at leveringsproblema ved Markbygden i Sverige ikkje påverkar leveringstryggleiken til dei norske aluminiumsverka. Ifølge Berveling og Kjelstad kan ikkje Hydro samstundes argumentere for at vi må byggje meir kraft i Noreg. Dette byggjer på ei mistyding. Utfordringane i Markbygden er reelle, men dei har ingenting med forsyningstryggleiken i det norske kraftnettet å gjere. 

Kostnadene går likevel opp, både for vindkraftverket i Sverige og for Hydro. Dette kan me handtere på kort sikt. Men på lengre sikt må me likevel ha føreseielege kraftprisar for å fortsette industriutviklinga. 

Vindparkar har ulike tekniske, organisatoriske og økonomiske innretningar. Hydro overvaker og handterer risiko i vår kontraktsportefølje og har konstruktiv dialog med alle fornybare kraftleverandørar vi kjøper kraft frå. I tillegg har vi eigen produksjon av kraft, som me sjølve styrer.

Utfordringa for Hydro og annan industri er ikkje å få tilgang på kraft i nettet, men at krafta har ein pris som er så høg at vi ikkje lengre er konkurransedyktige. NVE og Statnett seier begge at Noreg styrer mot vesentleg høgre kraftprisar.

Energidirektoratet antydar 80 øre kWh i 2030. Årsaka er både CO2-prissmitte frå Europa, og eit svekka kraftoverskot i Noreg. Prisane energimyndigheitene antydar er vesentleg høgre enn det aluminiumsindustrien kan leve med. Difor er vi mellom anna avhengig av at det vert bygd ut meir kraft, slik at det er mogleg for Hydro og andre å inngå langsiktige avtalar til prisar som er konkurransedyktige. 

Som ein stor kraftprodusent og kraftforbrukar ynskjer Hydro å bidra til å utvikle, eige og drifte vindparkar i områdane der vi opererer. Vi legg vekt på kvaliteten i prosjekta våre, inkludert vindressursar, kostnadsnivå, balansering av risiko, og tilstrekkeleg kapital til å støtte drifta over tid. 

Utbygging av ny kraftproduksjon er avgjerande for å nå norske industri- og avkarboniseringsmål framover. Landbasert vindkraft er den mest kostnadseffektive måten å nå desse måla på. Allereie i dag kjem 25 prosent av krafta Hydro nyttar til aluminiumproduksjon i Noreg frå vind. Hydro vil fortsette å snu alle steinar for ny fornybar kraftforsyning, inkludert landbasert vindkraft. Dette er den kraftforma som raskast kan møte den auka etterspurnaden etter fornybar kraft, og dekke Hydros behov for trygg, konkurransedyktig kraft til industri- og aluminiumproduksjon.
Noreg har dei beste føresetnadene for å nytte vind i kraftmiksen med vasskraft som balansekraft. Når vi får vindkraft inn i det norske kraftsystemet blir det både meir robust og vi sikrar at det framleis er ein god kraftbalanse i Noreg. 

Difor meiner Hydro at vindkraft og industri heng saman, og at utvikling av vindkraft kan bidra til fortsatt industriutvikling.

Halvor Molland
Informasjonsdirektør i Hydro