Kart bustad og hytter (Kjelde: SSB (bustadstatistikk 2022, befolkningsstatistikk 2023 og matrikkeldata 2024, publisert på www.geodata.no.) (Kart: Kaare Finbak)

Vindkraft i fjella våre vil redusere bustadverdiane i kommunane!


(Tabell: Kaare Finbak)

Vindkraftverk har store og alvorlege konsekvensar for naturen og omlandet rundt anlegga. Ei side av saka som vindkraftselskapa ikkje omtalar er verknaden på bustadverdiane i omlandet til vindkrafta. Forsking både i Norge og Sverige viser nemleg at vindkraft på land reduserer verdien på bustad- og hytteeigedomar i nærleiken med 5-20%. Noko som er forståeleg – kven vil bu i nærleiken av massive vindturbinar, som endrar landskapet, og fører til støy og lysureining.

To omfattande studiar i Norge og Sverige dokumenterer eit betydeleg verditap på bustadeigedomar som ligg innanfor 10 km avstand til vindkraftanlegg. Den norske studien er gjort av Menon Economics og SSB, og er publisert i Samfunnsøkonomen. Den svenske analysen er publisert av KTH Vetenskap och konst og kan lastes ned her.

Ser vi nærare på den norske studien er 230.000 bustadtransaksjonar blitt analysert. 50.000 av desse bustadane ligg innanfor 10 km avstand til dei 61 vindkraftanlegga i Norge. Analysen har difor eit godt statistisk grunnlag.

Forskinga viser at innanfor 2 km avstand vil verditapet på bustadar ligge på 10-20%. For bustadar på 2-4 km avstand vil verditapet vere 5-15%, frå 4-6 km 4-12% og inntil 10 km avstand vil verditapet kunne vere opptil 5%. Sjølvsagt varierer verditapet, men tendensen er tydeleg.

Den norske analysen splittar opp i kilometerintervall og oppgjev antal bustadsal innanfor kvar kategori. Dersom vi stipulerer ein gjennomsnittsverdi på eigedomane i Norge på 3,0 millionar kroner vil det totale verditapet knytt til norsk vindkraftutbygging ligge på 8 milliardar kroner! Fordelt på dei 1392 turbinane som er montert i Norge vil verditapet vert 5,75 millionar per turbin. Eller i gjennomsnitt 1,53 millionar per MW. 

NVE skriv at investeringskostnaden til vindkraft (2022) til 12,3 mill per MW. Naboane til vindkraftverket taper difor like mykje som 10% av investeringane i anlegget. Denne kostnaden er det ingen av vindkraftselskapa som nemner. Men dette er reelle tap som bustadeigarar har dekka opp ved sine sal. Bustadane innanfor 3 km avstand har i snitt ein redusert verdi på 400.000 kr viss vi legg til grunn ein eigedomsverdi på 3,0 mill.

Nyttar vi denne kunnskapen og ser nærare på vindkraftprosjekta i fjella mellom Sunnfjord og Høyanger, og talet på hytter og hus innanfor 10 km avstand, vert kartet og tal eigedomar slik som vedlagte bilder viser. Kartet tek ikkje omsyn til topografiske tilhøve.

Dersom Sunnfjord og Høyanger kommunar opnar opp for områderegulering og konsekvensutgreiing av vindkraft, så vil dette få konsekvensar for eigedomsverdiane i kommunane. Kommunane opnar for å påføre private hus og hytte-eigarar store verditap. 

Basert på kart og tal frå SSB er det 280 hytter og 1957 hus nærare enn 6 km til vindkraftanlegget. Tek vi utgangspunkt i tala frå forskinga blir verditapa for berre bustadane over 500 millionar kroner. Hytter kjem i tillegg. Det gjer også alle eigedomar mellom 6 og 10 km.

Forventar kommunane at dei kan gjere ei omregulering som fører til ei så stor ulempe for innbyggjarane i kommunen, utan at det skal få nokon konsekvensar? 

Ingunn Kjelstad
Leiar Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn