Vi har kunnskap om Snøheia og Høyanger-fjella


Laurdag 31. august 2024 vart det arrangert kulturarrangement på Snøheia (1141 moh.). Musikkutstyret var festa med kløv på hestar, som frakta det opp til toppen. Det var imponerande å sjå hestane klyve opp i terrenget, leda av dyktige førarar. Kulturarrangementet vart ein kjempesuksess, med godt gjennomførde dikt, musikk og appell. Det var om lag 150 personar som møtte opp og fekk ein minneverdig dag. Dei som ikkje fekk den med seg, kan sjå opptak på Youtube

Hydro, Eviny, Zephyr og Fred. Olsen Renevables hadde tent på å stille med representantar for å sjå arrangementet, og ikkje minst få kunnskap, oppleve naturen og engasjementet. 

Snøheia er blitt nasjonalt kjent på grunn av presset frå vindkraftbransjen. Det presset ser ut til å halde fram. For no er det gitt uttrykk for at dersom det ikkje blir gitt løyve til vindkraftanlegg på Snøheia og Høyanger-fjella, står Høyanger aluminiumsverk i fare til å bli nedlagt. Det er eit alvorleg press vi blir utsett for. Vi treng Hydro og Hydro treng  konkurransedyktig pris på kraftavtalane. Utfordringa til Hydro er alvorleg og presset må rettast overfor sentrale myndigheiter – ikkje overfor ein distriktskommune som gjer sitt ytste som vertskommune for ei hjørnesteinsbedrift, der staten er største enkelteigar. I eit demokrati er det ikkje verdig at kommunar og lokalsamfunn skal bli utsette for eit slikt press for å akseptere vindkraftutbygging. 

For å få løyve til vindkraftanlegg på Snøheia og Høyanger-fjella, må vindkraftbransjen få godkjent områderegulering (plan- og bygningslova) og få konsesjon (energilova). Konsekvensutgreiing er ein del av den prosessen. Dei grunngir konsekvensutgreiing med å seie at det er for å undersøke og for å få kunnskap. Dei seier at dei er opptatt av å hente inn informasjon, spesielt det som har med naturen å gjere. Etter kunnskapsinnhenting, skal dei visstnok finne ut om dei vil gå vidare med vindkraftprosjektet. Ei konsekvensutgreiing vil ikkje gje svar på om aluminiumsverket i Høyanger er sikra framtidig drift, men konsekvensutgreiing er påkravd for å realisere ei vindkraftutbygging. Etter ei konsekvensutgreiing er gjennomført, er vindkraftsbransjen kome så langt at dei ikkje vil trekke seg. Etter det er fatta vedtak om områderegulering og konsesjon, blir vesentlege detaljar som turbinplassering, internveg, masseuttak, massedeponi, riggplass og andre hjelpeanlegg bestemt i ein detaljplan (MTA-plan).  MTA-plan blir handsama av NVE etter energilova, og kommunen er då kun ein høyringspart.

Eviny sine vindkraft-representantar kjenner ikkje Snøheia og Høyanger-fjella, men det er synd at dei omtalar området som om det ikkje føreligg noko dokumentasjon/kartlegging. Biofokus og BirdLife har gjort store funn når det gjeld naturmangfaldet og fuglelivet. Funna som blei påvist i løpet av feltundersøkinga, var blant anna:

· Totalt 6 ulike raudlista naturtypar.

· 22 ulike raudlista artar er funne. 

· Av fugleartar er det 5 raudelista artar og 9 ansvarsartar. Av desse funna kan det nemnast førekomst av fjellrype og hekkefunn av den raudlista jaktfalken. 

For vindkraftbransjen er slik dokumentasjon dårleg nytt. Eviny har som mål at eit vindkraftanlegg skal stå ferdig på Snøheia og Høyanger-fjella innan 2030. Det er ambisiøst sidan Eviny/BKK har hatt samarbeid med Zephyr om vindkraftutbygging der sidan 2019. Eviny spelte ikkje inn til kommuneplanarbeidet i Høyanger og Sunnfjord at Snøheia og Høyanger-fjella skulle bli avsett til vindkraftanlegg. Det gjorde heller ingen av dei andre aktørane. Stig Svalheim (Eviny) håpar på hjelp frå energiministeren og statsministeren. Skal den hjelpa skje gjennom ein statleg plan eller at fornybardirektivet vert innført og overstyrer kommunar? 

Vi har meir kunnskap om Snøheia og Høyanger-fjella:

· Vi har kunnskap at området er kartlagt og verdsett som eit svært viktig friluftslivsområde. Området vert brukt til blant anna tur, beite, jakt og fiske. Stølar og hytter er i konflikt med vindkraftprosjektet. 

· Vi har kunnskap om at topografien og dei klimatiske tilhøva utvilsamt vil føre til driftsmessige utfordringar for eit vindkraftanlegg. Det kjem stadige oppslag i media om havari og uhell på vindkraftanlegg. 

· Vi har kunnskap at vindkraftprosjektet vil kome i konflikt med nedslagsfeltet til verna vassdrag, drikkevasskjelde, nasjonal turistveg og kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse (KULA). 

Skal kunnskapen vi har om Snøheia og Høyanger-fjella oversjåast eller skal det takast eit oppgjer med kraftpolitikken som blir ført her i landet?  

Ove Hatlestad Solås