Vekk med nemndene!


Lova om sjølvbestemt abort frå januar 1976 ga kvinner rett til å bestemme dette fram til utgangen av 12. veke i svangerskapet. Etter dette måtte søknaden behandlast av ei nemnd, der to legar kunne  overprøve kvinna sitt val. 

Eit statleg oppnemnt utval har no utarbeidd ein rapport og kjem med framlegg til ei heilt ny abortlov. Fleirtalet i utvalet vil avvikle dagens abortnemnder og erstatte desse med 5 – 10 nye nemnder som skal behandle søknadar om abort etter veke 18 i svangerskapet. 

Abortnemndene blei i si tid innført for at styresmaktene ville ha kontroll på kvinner sin reproduksjon. Kvinnerørsla meinte derimot at kvinner er vaksne og ansvarlege nok til å kunne bestemme dette sjølve. 

«I 2022 var det 631 kvinner som fikk abortsøknaden behandlet av en abortnemnd. Ni søknader ble avslått. De resterende ble enten innvilget eller trukket» (Eriksen 2024). Det betyr at dei aller fleste som ønskjer abort etter veke 12, får dette innvilga gjennom nemndene. »Samtidig forteller kvinner om store påkjenninger knyttet til prosessen med å møte en nemnd»(Eriksen 2024). Det betyr at nemndene berre er ei ekstra påkjenning for kvinna som ønskjer å gjennomføre ein abort.

Det betyr at vi heller bør flytte på dei ressursane vi har, og i staden for nemnd, bør vi opprette støttegrupper som gjer at kvinna blir ivaretatt etter å ha fått utført ein provosert abort.

Når abortutvalet no er samd med kvinnerørsla si oppfatning av dette, er det skuffande at dei likevel vel å oppretthalde nemndsystemet etter veke 18.

All statistikk viser at over 90 % av alle abortar i Noreg, blir utført i dei første 8 vekene av graviditeten, og det er såleis ikkje noko som skulle tilseie at denne endringa vil medføre stor auke i talet på abortar. Men det vil vere viktig for dei kvinnene det gjeld.

I FN sine berekraftsmål 5 «Likestilling mellom kjønnene» og delmål 5.6:«Sikre tilgang til god seksuell og reproduktive rettigheter for alle» (FN-sambandet 2023).

 Å få utført ein provosert abort, inngår i den seksuelle helsa til kvinna, og det er derfor viktig å sikre gode rettigheiter for alle.

Forslaget til ny abortlov skal no ut på høyring med frist 22.mars. Årsmøtet oppfordrar både organisasjonar og enkeltpersonar om å sende inn høyringssvar.

Ingunn Kandal og Hedda Andrine Skår Indrebø
Styremedlemmar i Raudt Høyanger