Myldrande folkeliv og mange køyretøy på «Summer Meet»-treffet til Amcar Høyanger laurdag 31. august. (Foto: Jan Rune Støyva)

Valfarta til Høyanger for å vise fram bilane sine

Bilentusiastar frå nær og fjern samla seg i helga til det årlege bil- og motorsykkeltreffet i Høyanger i regi av Amcar Høyanger, og arrangørane kunne i år glede seg over ei svært vellukka samling.


Tony Marifjæren, ein av arrangørane, fortel at det vart eit betre oppmøte i år enn i fjor. Førre gong var dei uheldige med vêret, og samlinga kolliderte og med andre lokale arrangement som Firdaløpet og Balestrand Badeklubb Festival.

– I fjor hadde vi litt uflaks, men i år traff vi verkeleg med veret. Sjølv om det ikkje er strålande sol så er det opplett og god temperatur. Det har gjort sitt til at fleire har teke turen, seier Marifjæren.

Marifjæren var overraska over kor mange som møtte opp med bilane sine.

– No er det 70 køyretøy her, og vi er allereie på tredje rekka med bilar. Det er framleis folk som har meldt at dei kjem, men som ikkje har kome enno. Det blir litt av ein jobb å kåre vinnarar i dei ulike kategoriane med så mange flotte køyretøy til stades.

Arrangementet held fram utover dagen med premiering i ulike klassar, og på kvelden blir det fest på Vallhall i Høyanger der amcar-gjengen inviterer til live musikk med bandet BluesTalk frå Bergen.

Robert (f.v), Silas og Tobias var tre av dei som tok turen for å sjå på dei flotte motoriserte køyretøya som var på utstilling.

Fortnitebil

Robert, Silas og Tobias på åtte og sju år var blant dei mange tilskodarane som fann vegen til treffet. Dei tre gutane var begeistra for det dei såg.

– Synest dere det er kjekt med bilane?

– Ja, det er mange fine og kule bilar, og den der er sikkert kjemperask! Den bilen ser så rik ut. Det er slik bil dei har i Fortnite, utbryt gutane entusiastisk.

Dan Robin Systad Fludal, ein annan av arrangørane, fortel at dette biltreffet har blitt arrangert kvart år sidan 2017, med unntak av dei to åra pandemien herja.

– Om eg ikkje hugsar feil er dette det femte året vi arrangerer treffet. Det er eit godt bilmiljø her i Høyanger, og mange unge som interesserer seg for bilar. Det er ikkje berre amerikanske biler som blir stilt ut, vi ser også stort engasjement frå folk med andre bilar og motorsyklar.

Systad Fludal legg til at det i år også var eit stort oppmøte av bileigarar utanfor Høyanger.

– Vi har folk her frå Stranda, Bergen, Breim, Førde og Jølster, berre for å nemne nokre stader. Hobbyen vår trekker til seg folk frå heile regionen.

Premiar i dei forskjellige kategoriane pryda innsjekkingsbordet til beundring for alle deltakarane og andre som kom for å sjå.

Kvinner i bilmiljøet

Sjølv om det er flest menn som er aktive i bilmiljøet så kan ein også finne kvinner med stor interesse for bilar. Ei av dei er Kjersti Eline Humlestøl Fludal.

– Eg er ikkje like flink som Dan Robin til å sku og fikse ting på bilen, men eg prøver meg alltid. Om eg ikkje får det til, så får han sjå på det. Eg er veldig fornøgd med bilen min, sjølv om eg ikkje har køyrt han sidan i fjor. Eg hadde ikkje teke han på langtur akkurat no, men han er heilt topp til småturar, fortel Humlestøl Fludal.

Ho har nokre småting ho ønsker å fikse på bilen, men ser på det som eit kjekt prosjekt utan tidspress.

– Ho er mykje flinkare enn ho sjølv gir seg ære for, legg Systad Fludal til med eit smil.

Den blå bilen tilhøyrer Kjersti Eline Humlestøl Fludal, og den gule bilen tilhøyrer Dan Robin Systad Fludal. Dei to delar lidenskapen for gamle bilar.

Langvegsfarande fekk hjelp på treffet

Ein av dei som hadde tatt ein lengre tur til Høyanger denne dagen var Jan Rune Støyva frå Byrkjelo i Gloppen kommune. Han hadde med seg tre venner frå Jølster, og saman hadde dei sett fram til ein dag med bilprat og sosialt samvær.

– Når det først skjer noko i fylket så må ein nesten ta turen for hyggen og for å støtte dei som arrangerar. Eg har nokre bekjente som skulle ta turen hit i dag, og så kjenner eg også folk som bur her i Høyanger, fortel Støyva.

Dette var første gongen Støyva deltok på biltreffet, sjølv om han har vurdert å reise fleire gongar tidlegare. Uheldigvis vart det litt dramatikk for glopperen når han først tok turen, for han vart ståande ved innkøyringa til treffet med panseret på bilen ope.

– Kva har skjedd her?

– Det er berre ein bensinslange som lek litt, og eg lukta det heldigvis før eg byrja på turen heim. Eg kunne ikkje ha fått biltrøbbel på ein betre plass, seier Støyva med eit smil.

– Dei fantastiske bygdefolka her kom raskt til unnsetning. Ein av dei køyrde heim for å hente ein ny slange til meg, ein annan kom med tang for å klippe og tilpasse slangen, og desse to her har halde meg med selskap, fortel han nøgd, medan han peiker på dei rundt seg.

Takka vere den hjelpsame dugnadsånda blant bilentusiastane i Høyanger tok det ikkje lang tid før Støyva var tilbake på vegen igjen.

– Dette er eit bevis på det sterke fellesskapet i bilmiljøet, legg han til, før han takkar alle som hjelpte han.

To av dei tilreisande var Kim Einen (t.v), som tok turen frå Jølster, og Jan Rune Støyva, som kom frå Byrkjelo.

Fullt fokus frå fleire enn berre bileigaren når det vart litt trøbbel med bilen.

«Summer Meet» er mest sannsynleg ein av dei beste plassane kor ein kan få bilproblem. Fleire assisterte Jan Rune Støyva slik at han skulle kome seg trygt heim etter ein kjekk dag når det vart trøbbel med ein bensinslange.

Kvelden avslutta med fest og musikk

På kvelden var det duka for fest i forsamlingshuset Valhall med livemusikk med bluesbandet BluesTalk frå Bergen. Festen etter biltreffet har blitt eit høgdepunkt og ein tradisjon for mange av deltakarane, og ein flott avslutning på ein dag fylt med blankpolerte bilar, motorprat og godt selskap.

– Det er alltid god stemning på festen, og med musikk og dans kan både utstillarar og publikum slappe av og nyte kvelden etter ein innhaldsrik dag, seier arrangøren Marifjæren.

Det var stor breidde i køyretøya som vart stilt ut, og det varierte kor mange hjul dei hadde.