Hallvard Thomassen gir seg snart, etter 11 år som direktør i SIMAS.

Utvida søknads­frist på direktørstillinga

– Vi har ikkje fått inn så mange søkjarar som me hadde håpa på.


– Vi veit det er ei litt spesiell stilling, så vi må leite vidare, fortel Hallvard Thomassen, som  gir seg snart, etter 11 år som direktør i SIMAS, det interkommunale selskapet som er eigd av kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal..

Jakta på etterfølgjaren har nemleg vist seg og ikkje å vere så lett.

– Det har kome inn sju søknadar og dei er fortsatt aktuelle. Men vi hadde håpa å få inn fleire aktuelle kandidatar før vi gjer eit utval og startar med intervju, fortel Jøril Hovland, styreleiar i SIMAS.

Ny søknadsfrist er difor sett til 31. oktober. 

– Vi har endra litt på ordlyden i stillingsannonsa, i håp om å treffe betre. I tillegg har vi valt å gå litt breiare ut og leiter over heile landet, ikkje berre Vestlandet. Kven veit, kanskje det sit nokon i nord som vil flytte til Sogn?, seier Hovland.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.