– Ver 100% til stades i kvart einaste touch! Gjer maksimalt ut av alle involveringane dine med ballen!
Dette var eit av mange innspel frå trenar Marius Varden Fossen under den første treninga han gjennomførte med sine nye elevar på det nyoppstarta faget toppidrett i Høyanger tysdag. Han overvakar øvingane med falkeblikk, og forventar fullt fokus. Tilbake får elevane individuell rettleiing, mengdetrening og kunnskap som kan bli ein inngangsbillett inn i eliteidretten. – Det handlar mykje om detaljar, terping og teknikk på desse treningane. Det er eit krav til alle som er med at dei spelar på eit lag, så vi prøver å halde den fysiske belastninga nede sidan dei har sine ordinære treningar og kampar i tillegg, og heller fokusere på å utvikle ferdigheiter, fortel hovudtrenar Varden Fossen. Og det er ein kompetent gjeng som no skal hjelpe unge fotballtalent i Høyanger med å bli toppidrettsutøvarar. Varden Fossen vart i vår ferdig med sin bachelor i idrett, trening og helse ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, og han er også trenar for A-laget til IL Høyang. Med seg har han Daniel Longfellow frå Høyanger vgs. som kvalitetssikrar at opplegget følger læreplanen og elles er i tråd med retningslinjene for undervisninga på skulen, og Reidar Grønli, som er leiar for IL Høyang, og som har lang erfaring med toppidrett både i jobbsamanheng og på privaten. – Vi i IL Høyang tok initiativ til denne satsinga, og skulen syntest at det var ein god idé, så da fekk vi dette tilbodet opp og gå dette skuleåret. Det har vore eit samarbeid mellom oss knytt til breiddeidrett dei seinare åra, men vi fann no ut at vi hadde lyst til å prøve å etablere eit tilbod retta mot toppidrett, fortel Grønli.

Ville reist utan idretten
Rektor Krisin Sagerøy Råsberg ved Høyanger vgs. er overtydd om at det nye tilbodet gir eit positivt utslag for den vesle skulen. – Vi må skape eit så breitt og attraktivt studietilbod som vi kan med dei ressursane vi har, og det vi har fått til her i samarbeid med idrettslaget er heilt gull. Eg er temmeleg sikker på at dette programfaget har ført til at vi har trekt til oss elevar som elles ville reist til andre skular med eit idrettstilbod.
Seriøst opplegg
To av dei som meir enn gjerne ofrar fritid for å få tett oppfølging på fotballbana og moglegheit til å dyrke eige talent er Sualp Bayar og Emil Hatlestad. Dei er svært positive til det nye programfaget. – Vi har hatt to treningar no og inntrykket vi har fått så langt er at opplegget er veldig seriøst og held høgt nivå. For oss er det både spanande og lærerikt å få vere med på dette. Både Bayar og Hatlestad er ivrige fotballspelarar. Dei spelar begge på Høyang G17, og Bayar har også hatt eit par turar innom A-laget i løpet av sesongen. – Det blir noko heilt anna her enn på dei ordinære treningane våre der fokuset gjerne er meir på dynamikken mellom spelarane og korleis vi spelar som eit lag på best mogleg måte. Det er sjølvsagt viktig det og, men her får vi høve til å utvikle oss meir individuelt.
