Anita Nordheim Blues n’ Groove Company takkar for seg på scena på Notodden Bluesfestival. (Alle foto: Privat)

Tok Notodden med storm

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company stod nyleg på scena på Notodden Bluesfestival. Der vart det fantastisk stemning, og med det og godt fornøgde musikarar.


– Det var ei oppleving heilt utan sidestykke for meg og bandet mitt. Då vi kom på scena der vi skulle spele var det heilt fullt med folk, så det var veldig kjekt å sjå så mange komme for å høyre musikken vår, fortel frontfigur og vokalist for bandet, Anita Nordheim.

Det var god respons frå publikum under konserten til Anita Nordheim Blues n’ Groove Company. No ventar fleire konsertar samt innspeling av ei ny plate som kjem i 2024.

35-års jubileum
I år var det 35-års jubileum for festivalen og det var ei rekke kjende artistar som stilte opp for å spele. Til dømes kunne ein sjå Beth Hart og Uriah Heep på festivalen. Totalt blei det selt 28 500 billettar, noko som er ein ny salsrekord for festivalen. 

– Notodden Bluesfestival er ein av dei største bluesfestivalane som er, så då er det sjølvsagt mange som kjem for å høyre på, og mange kjende artistar å sjå. I år var det både gamle og nye bluesstjerner som var der. Å kunne vere ein del av den rekka av utruleg dyktige musikarar var stort. Det betyr veldig mykje å få ei slik moglegheit å kunne spele på noko så stort. 

For Anita Nordheim Blues n’ Groove Company ventar det no fleire konsertar og studiotid, før ny plate kjem i 2024.

– Vi skal ha ein del studiotid i november og gjere oss klare for å sleppe ny plate i 2024, men før det ventar fleire spelejobbar. Det er utruleg flott å kunne reise rundt og spele. Vi gler oss veldig til kvar konsert, og det er ei oppleving utanom det vanlege i kvardagen.

Notodden Bluesfestival er ein av dei største bluesfestivalane som er. Så stor at til og med statsminister Jonas Gahr Støre tok turen dit, og han var heldig som fekk seg ein selfie med bluesdronninga frå Høyanger.

På heimebane
18. - 19. august er det duka for Melkesyrefestivalen i Høyanger, heimstaden til Nordheim. På fredag tek ho og bandet hennar over scena.

– Vi skal spele på Melkesyrefestivalen som no nærmar seg med stormskritt. Eg har hatt bandet mitt i fire år no, og dette blir første gong vi skal spele i Høyanger, så det er veldig stas. Melkesyrefestivalen har bygd seg meir og meir opp, så det blir kjekt å kunne vere ein del av den opplevinga.