Tankar om Snøheia og Hydro/Eviny sine metodar i små lokalsamfunn


Hydro Rein sende 24.09.2024, på vegne av Hydro, Eviny og Zephyr, brev med planitiativ til Høyanger kommune om å få starte arbeid med områderegulering etter plan- og bygningslova for Snøheia Industrikraft i Høyanger og Sunnfjord kommune. I planinitiativet står det at dei ynskjer å samordne prosessen med konsesjonshandsaming etter energilova.

I forkant av planinitiativet har utbyggjarane gått ut i media med truslar om at planlagt utbygging er avgjerande for vidare drift for Hydro i Høyanger. Truleg har kommunikasjonssjef Sanne-Gundersen i Eviny også nytta sine kontaktar blant leiande politikarar og næringslivstoppar i Sunnfjord til å tale varmt for saka, der både Grotle og Lunde får lesarinnlegga sine som hovudoppslag i Firda. Lunde skriv også kva dato kommunestyret i Høyanger skal handsame planinitiativet, før det var sendt til kommunen. Gir det oss «vanlege» folk gode signal om opne og demokratiske prosessar som er framheva i planinitiativet?

Hydro truar no med at deira verksemd i Høyanger er i fare, dersom Snøheia Industrikraft ikkje blir ein realitet og kan sikre dei kraftprisar som dei kan leve med. Med økonomisk vekst som argument legg både Hydro og støttespelarane sterkare og sterkare press på lokalpolitikarane om å seie ja til konsekvensutgreiing. Truslar og press for økonomisk vinning gir assosiasjonar til framgangsmåtar som er meir kjende for torpedoar. Eit eksempel på at metodane gir resultat er kanskje ordførar Sortland som har gått frå tvert nei til vindkraft i 2019, via ein spagat til no tilsynelatande å stå stødig med begge beina på utbyggjarane si side.

Så langt er det ikkje sendt brev med planinitiativ til Sunnfjord kommune, og Hydro har sjølv skrive at saka først skal takast opp med Høyanger og deretter Sunnfjord. Kvifor veit vi ikkje, men kan det vere eit ledd i strategien om presse på lokalpolitikarane? Først presse Høyanger-politikarane som kjenner mest på «nedleggingsspøkelset» til å snu. Dersom det lukkast vil presset gå vidare til Sunnfjord om å «ikkje stikke kjeppar i hjula for naboen» (eller la dei få alle inntektene).

Sabotasje mot landskap- og naturverdiar og mange innbyggarar sine interesser og levekår, vil tvillaust vere konsekvensar av eventuell vindindustri i fjella. Det er mange døme frå utbyggingar andre stader til å sjå konsekvensar av breie vegar og ned-skote fjell. For mange har fjella og områda rundt så store verdiar ei slik rasering ikkje blir akseptert.

At årsaka til verket i Høyanger si plassering er knytt til god tilgang til elektrisk kraft frå vasskrafta er godt kjent. Denne krafta har ikkje forsvunne, men som resultat av energipolitikken vil ikkje Hydro få tilgang til krafta på same måte (pris) i framtida. Det må vere grunnlag for å gjere politiske grep for å sikre framtida for industrien, utan å rasere meir natur og fjellområde så lenge lokal produsert kraft framleis er tilgjengeleg.

Dei som ivrar for å starte prosessen med områderegulering og konsekvensutgreiing argumenterer for at prosessen berre skal gi betre kunnskap om å fatte vedtak – og at kommunane har fleire høve til å seie nei til ei eventuell utbygging. Det underliggande argumentet er uansett at vi treng ei slik utbygging. Då vil det ofte vere lett å konkludere med at «fordelane er større enn ulempene etter ei samla vurdering».

På papiret har kommunane fleire høve til å sei nei til ein arealbruk som legg til rette for vindkraft. Det første høvet er å seie nei til planinitiativet, i tråd med haldninga til kommunestyra i dei to kommunane i 2019 og signala som vart gitt før kommunevalet i 2023. Erfaring tilseier at det vert vanskelegare for ein kommune å seie nei dess lenger i reguleringsprosess ein kjem. Det er også vanleg praksis kommunen ikkje opnar for regulering utan at det er ynskjeleg med føreslege arealbruken.

Alle som skal vere med å ta stilling til desse spørsmåla bør vere klar over følgjande fakta (kjelde for denne oppsummeringa finn de i Regjeringa sin rettleiar Planlegging og konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg på land);

- Reguleringsprosessen som kommunane har styring på skal vere på eit overordna nivå. Det kommunane skal avgjere gjennom reguleringsprosessen er ytre arealbruksgrenser med arealføremåla vindkraft og tilkomstveg. Planen kan også gi føringar på om turbinar skal vere synlege eller ikkje frå bestemte kartfesta område, maksimal høgde og inngrepsfrie område - dersom det er relevant.

- Ein eventuell konsesjon etter energilova skal gjelde for same geografiske område som ein eventuell områderegulering, og den skal gi tekniske spesifikasjonar om anlegget og vilkår for løyve. Det omfattar blant anna maksimal installert effekt, maksimal høgde på turbinar, transformatorstasjon og naudsynt høgspenningsanlegg.

- Andre vesentlege detaljar som plassering av turbinar og interne vegar skal avklarast gjennom detaljplan. Slik detaljplan vil det bli sett krav om i ein eventuell konsesjon etter energilova, og vert først utarbeida etter at kommune har vedteke ein eventuell reguleringsplan. Ved utarbeiding av detaljplan er kommunane berre er høyringspart.

Det er med andre ord mange vesentlege detaljar ved ei eventuell utbygging som ikkje er avklara i ei konsekvensutgreiing eller områderegulering. Når desse detaljane skal fastsetjast har ikkje lenger kommunen reell makt til å stoppe utbygginga dersom dei ikkje er samde med løysingane. For detaljplanane har ikkje endringane som vart gjort i lovverket i 2023 gitt kommunane meir påverknadskraft.

I Hydro Rein sitt planinitiativ er det vist ny avgrensing av planområdet i høve til tidlegare, det er vist korridorar for tilkomst, og det står at ei ny 132 kV kraftlinje frå planområdet må byggast. For tilkomst er det skissert tre ulike korridorar utan at det er gitt særleg konkrete opplysningar. Utbyggjarane har jobba med dette prosjektet i snart to år utan å vise løysingar på korleis dei skal etablere tilkomst til planområdet. Med dataprogram som er tilgjengeleg i 2024 må ein kunne forvente meir informasjon, og ikkje minst kor mange tilkomstar det skal vere til området.

Det ligg til kommunane sitt ansvar å avklare tilkomst til planområdet gjennom ein eventuell områderegulering. Å etablere tilkomst frå havnivå til vindindustri på fjellet mellom 700 og 1100 m.o.h. er utfordrande, men det er viktig å få eit reelt bilde på kva vegar som må til ved ei eventuell utbygging. Også førebelse skisser på turbinplasseringar og interne vegar bør kunne leggast fram viss ein skal ta stilling til arealbruken. Problemet for utbyggjarane er at konsekvensane då blir visualisert for tidleg i prosessen, og dei store ulempene vert synlege for alle.

Heile det skisserte planområdet i Høyanger ligg i sikringssone for drikkevatn i kommunen sitt framlegg til ny arealdel. I planinitiativet viser Hydro Rein til gjeldande kommuneplan og at ein mindre del av planområdet er i konflikt med drikkevasskjelda. Drikkevasskjeldene på Høyangerfjellet bør vere eit grunnlag for å stoppe prosjektet åleine. 

Eg oppmodar kommunepolitikarane i Høyanger og Sunnfjord om å ta turen opp i fjellet før de skal ta stilling til denne saka. Korleis trur de turbinane kan plasserast og vegane byggast mellom dei, og ikkje minst tilkomstveg opp. Tenk grundig gjennom kva andre grep som kan gjerast før de ofrar fjellet til vindkrafta og nokre kroner ekstra i kommunekassen.

Det er eit verdival korleis vi menneske skal forvalte naturen, og det vil vere ulike syn på kva naturinngrep vi kan akseptere. Viss målet er økonomisk vekst basert på auka forbruk, fell alle argument om klimakrise og berekraft. Frå min ståstad etter mange turar i det flotte fjellområdet, vil dei enorme inngrepa i natur og landskap vere ei ulempe som er vesentleg større enn fordelane - når eg veit at kraft til Høyanger kan sikrast med andre grep.

Ole-Jakob Sande
Innbyggar i Sunnfjord og aktiv brukar av fjellområda