Anette Thingbø Sundnes (23) frå Balestrand skyttarlag held fram med å imponere. I helga gjekk ho til topps i klasse 3-5 i Vintertreffen.
Vintertreffen er eit trippel miniatyrstemne, der Fjordane, Nesse og Vadheim skyttarlag er arrangørar. Det var første gong 23-åringen, som melde seg inn i skyttarlaget i Balestrand i fjor haust, var med på stemnet, som går av stabelen i januaa kvart år. Og ho gjekk like godt heilt til topps. – Det er alltid kjekt å gjere føre at ein meistrar det, og gjer det bra, seier Anette Thingbø Sundnes, etter 349 poeng i første stemnet i Fjordane, 347 poeng på Nessane og 346 poeng i Høyanger. Ho er opphavleg frå Time på Jæren, men flytta til Balestrand i fjor haust då mannen hennar byrja som idrettslærar på Sygna vidaregåande skule. Då melde ho seg også inn i det lokale skyttarlaget,, og det er eit imponerande merittliste ho har med seg. Blant anna har ho vunne to gull i Nordisk meisterskap for seniorar i 2016. Ho har også vunne norgescupen to gonger, seinast i 2018.Bidra til rekruttering
Og i Balestrand er dei nøgde med å ha fått Sundnes med på laget. Lars Halvard Ese, som vart skyttarkonge tilbake i 1980 - og som også deltok på helgas stemne – håpar at det kan gje eit oppsving i medlemstalet, ikkje minst no som dei også har fått ny skytebane i Esebotn. – Når vi får ein slik kapasitet på laget, vil eg tru at det også kan inspirere andre til å prøve seg, seier Ese til Ytre Sogn. Sjølv kjenner ho godt til skyttarhistoria til Balestrand, og tykkje det er gjevt å kunne representere dei. Ho fortel at ho har blitt teken utruleg godt imot av Ese og dei andre i laget. – Eg trivst veldig godt, seier Sundnes, som byrja med idretten som 13-åring, i 2008. Ho fortel at det var veldig tilfeldig.