Storsiger med bismak


IL Høyang sine G 13/14 gutar spelar rett og slett god fotball, og i går vart dei seriemeister (vår) etter å ha slått Førde 2 heile 19-0. Det er likevel ikkje moro å sjå eit lag tape så mykje.

Når det er sagt skal ein ikkje ta frå det fantastiske laget til trenar Anders Breidvik æra, for dei har ikkje vald motstandar eller kvaliteten på desse. Gutane spelar enkelt og sikkert seg i mellom, og pasningane er presise. I tillegg bevegar dei seg mykje og rett i forhold til kvarandre. Dei pratar godt og når dei i tillegg har spelarar med spisskompetanse må det bli bra.

Les meir i papirutgåva fredag