Støre engasjerer seg i kampen for trappene

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes har allereie kome på bana. No gjer Ap-leiar Jonas Gahr Støre det same.



Stadig fleire rikspolitikarar engasjerer seg no i kampen for å behalde trappene i tilknyting til Kraftanlegg i Høyanger. Eigar Statkraft har, som kjent, uttalt at dei ikkje lenger vil ha ansvaret for dei. 

Førebels sist ut er altså Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Til NRK Vestland seier han at industrihistoria er noko som må takast vare på.

– Mange land ute i verda har katedralar og store borger og bygningar som dei skal ta vare på. Noko av det vi har er kraftutbygginga og anlegga. Det er eigentleg fantastisk byggekunst og arkitektur, seier han og meiner at det er del av samfunnsansvaret å tenkje på kulturhistoria og det som er fotavtrykket til korleis Noreg vart slik det vart.

Som Ytre Sogn fortalde sist veke har også Raudt-leiar Bjørnar Moxnes engasjert seg i saka, og stilt spørsmål til næringsminister Iselin Nybø (V) om departementet hennar, som eigar av Statkraft, vil bruke eigarmakta si til å minne selskapet om ansvaret og pålegge selskapet å ta dette.

Ministeren har førebels ikkje svart på spørsmålet.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.