Ingen endring i mandatfordelinga i Høyanger

Dei 69 stemmene som gjenstod å telje i Høyanger i dag gav ingen endring i mandatfordelinga.


Det har under årets kommuneval ikkje stått mellom mange stemmene med tanke på mandatfordelinga til kommunestyret i Høyanger dei kommande fire åra, og fleire parti fekk derfor eit håp om ein ekstra representant då det vart kjent tysdag at det var 69 stemmer igjen som skulle teljast dagen etter valet.

Fristen for å få inn førehandsstemmer gjekk nemlig ikkje ut før klokka 17 i dag, og det er heller ikkje lov å telje desse stemmene før fristen er ute. Dermed var ikkje valresultatet heilt spikra før i ettermiddag.

– Det kan framleis kome fleire, men så langt har det kome 68 stemmer som ikkje er talde, sa leiar for valnemnda i Høyanger kommune, Jorunn Flæthe, til Ytre Sogn tidlegare i dag.

Ho fortalde at dette kunne vore nok til å endre kandidatposisjonar, og at det faktisk kunne hatt ein utslagsgivande effekt på mandatfordelinga til kommunestyret, men slik gjekk det altså ikkje. Stemmene vart talde klokka 17, og då dei var ferdig registrert viste det seg at mandatutrekninga vart lik som den som førelåg valkvelden.

– Om det var uklart at valresultatet ikkje ville vere endelege før klokka 17 i dag er det noko vi må ta med i tilbakemeldinga til Valdirektoratet, seier Flæthe.