De vil smadre fjella våre. Sprenge naturen vår i filler. Drepe fuglelivet. Fortrenge dyr frå leveområda sine. Øydelegge livskvaliteten og helsa til oss som bur rundt Snøheia. Dette vil de gjere for eigen profitt. Mot folkeviljen i Sunnfjord og eit svært vindkraftmotstandig kommunestyre.
Trur de at de skal få folk til å ønske seg dette overgrepet? Eller er planen å "modne" lokalpolitikarar til å ikkje respektere folkeviljen? Ingen ønsker å bu nær eit vindkraftindustriområde, og trusselen om rasering av Snøheia tærer på oss som bur her. Forestill dykk korleis det er å bu under fjell på 1000 moh med vindturbinar som ragar over 250 meter mot himmelen. Med støy, skyggekast og blinkande lys. Har de ingen respekt for det? Å leve med denne trusselen påfører oss ei årelang, umenneskeleg belastning. Ei uuthaldeleg frykt for framtida vår - for heimane våre, nærnaturen og fugle- og dyrelivet. Ein endelaus kamp mot enorme kapitalkrefter og kyniske maktmenneske, som vil profittere på vår tragedie. Perspektiv som de tilsynelatande totalt ignorerer i arbeidet med å "modne" politikarar. Mogleg taktikken dykkar er å drive rovdrift på oss til vi ikkje orkar å kjempe lenger. Utmatte oss. De lova at de ikkje ville bygge utan lokal aksept. Vi, folket, sa tydeleg nei, seinast i valet for eitt år sidan. Er lokal aksept for dykk å overtale pressa lokalpolitikarar til å skifte standpunkt eitt år etter valet? No opptrer de med hjarteløyse og mangel på empati. Hadde de hatt eit snev av integritet, så hadde de respektert folkeviljen og gitt oss fred. Våre folkevalde bør vere sine roller bevisste og lytte til folkeviljen i ei så inngripande arealsak som vil øydelegge fjella og liva våre i Sunnfjord for alltid. Og det har mange av dei gjort – i alle fall til no. No er målet dykkar å lure kommunane til å seie ja til konsekvensutgreiing (KU). Med det blir kommunane fanga i ei årelang konsesjonsbehandling, der Energidepartementet (ED) til sjuande og sist sit med makta til å avgjere om dei "nasjonale samfunnsøkonomiske fordelane" veg meir enn dei "lokale negative konsekvensane" - noko dei sjølvsagt alltid vil konkludere med. Der eksisterer det ingen empati med oss som bur her. For å lokke politikarane til å seie ja til KU, brukar de argument som "viktig å få meir kunnskap", "kunnskap er ikkje farleg" og "vi skal gjere ei grundig utgreiing". Det endrar ikkje på det at det er de som tiltakshavarar som står for utgreiingane, i ei sak der de har sterke økonomiske motiv. Avsløringar NRK har gjort, viser at de som tiltakshavarar kjøper dykk KU via konsulentselskap, der naturverdiar blir tona ned for å sikre utbygging. Faren for at naturen og lokalbefolkninga taper er openlys. Kynisk nyttar de lovnadar om kommunane sin "vetorett" - at kommunen "kan seie nei 2-3 gonger i konsesjonsbehandlinga" - vel vitande, at når konsesjonsprosessen er i gang, så er den vanskeleg å stoppe. De unnlet nemleg å fortelle at kommunane må ha skjellig grunn til å gje avslag på utbygginga seinare, og at det er høgst usikkert om grunngjevinga vil bli akseptert av NVE/ED/KDD, som då kan overkøyre vetoretten. Den einaste reelle vetoretten kommunane har, er å seie blankt nei til vindkraft med ein einaste gong! I kombinasjon med KU-taktikken og den «ufarlege» oppfordringa til å "få fram meir kunnskap", kjem de med eit "planinitiativ" til kommunane, for å få kommunane sitt ja til å starte områderegulering av planarealet. Dette er ikkje anna enn ein sleip metode for å opne for konsesjonsbehandling.Hestadfjorden, Sande