Snøheia –⁠ ein prestisje i å utfordre naturkreftene, topografien og fleirtalet


Saka går sin gang. Vindbransjen har prestisje i å få løyve til å utfordre naturkreftene, topografien og fleirtalet dei ikkje ser ut til å ha kontroll over. Det skrota forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land, var starten på vindbransjen sine stadige forsøk på å få gjennom vindkraftanlegg her. «Godt eigna til vindkraftproduksjon», har det blitt hevda sidan 2019. Dei som såg på forslaget med litt kritiske auge, kunne sjå at det ikkje var godt utarbeidd. Til dømes kan eg nemne at forslaget omtalte feil stader i kapittelet om Sunnfjord og Sogn, og verneplanar, blant anna for Gaularvassdraget, var ukjent. Området her vart vurdert som lågare konfliktfylt enn i store delar av landet, utan dokumentasjon. Liknande avvik vil eg tru det var for resten av dei føreslegne områda. Forslaget vart som kjent skrota. 

Når vedtak og planar vert avklara, respekterer dei fleste det. Men det gjer ikkje vindbransjen når dei får motbør. Frå den fronten, er det stadige forsøk på omkampar, med bruk av nye lokkemiddel og strategisk nedsnakking av området dei vil ha tak i.

Så til den pågåande diskusjonen om Snøheia. No som då, gjentek nokre dei same argumenta for utbygging. Nokre påstår at Snøheia er ein god lokalitet for vindkraftverk, grunngjeve mellom anna med at det vil gjere mindre vondt og at området er lite brukt. Slike påstandar ser ut til å kome frå folk som ikkje har kjennskap til fjella dei omtalar. Mi oppleving er at fjella vert nytta til tur, beite, jakt og fiske i slikt omfang at ein kan vere for seg sjølv om ønskeleg. 

Vidare hevdar nokre at det er betre å plassere eit vindkraftanlegg på Snøheia enn stader ved langrennsløyper eller skitrekk. Det som må vurderast då, er om det er nødvendig å gjennomføre eit så omfattande inngrep som vindkraftanlegg er. Det er slike stader naturmangfaldet er intakt og til mest nytte. I tillegg vil eg tru at dei fleste som nyttar slike område, har unike naturopplevingar for livet. 

Høyanger kommune arrangerte folkemøte i Høyanger samfunnshus den 23.01.2023. Der vart det stadfesta at det ikkje føreligg erfaring med tilsvarande vindkraftanlegg opp til så høge fjelltoppar som her. Likevel er det prestisje i å få gjennomført dette vindkraftanlegget. Det vart hevda at vindturbinane er konstruerte for å tole dei klimatiske påkjenningane. Snøheia skal visstnok vere ein teststad, til ei estimert investering på mellom 3 og 4 milliardar. 

«Gode vindressursar» er eit argument som går igjen, og det blir gjerne vist til anslag utan dokumentasjon av dei faktiske tilhøva. At vindstyrken tidvis er for sterk og at det er vindstille på dei kaldaste dagane (då straumbehovet er størst), skal ikkje omtalast, ser det ut til. 

Før ein hastar vidare med denne koordinerte strategien på å presse gjennom meir uregulerbar vindkraft, er det tilrådeleg å lese og forstå den lite kommuniserte sjokkrapporten om effektbalanse fram mot 2030, utarbeidd av NVE. 

Litt meir om vèr. Det regna då folkemøtet vart halde, mens oppe i fjella, snødde det. Sist eg var på Sørskyrva og betrakta fjella rundt, hadde eg i tankane kor utfordrande og kostbart det vil bli å halde vegar opp til utsprengde «fotballbanar» opne året rundt. Gaularfjellsvegen er vinterstengd. Utgifter med eit vindkraftanlegg, kan samanliknast med ein rullande snøball. Men i staden for at det samlar opp meir snø, vil det heller samle opp utgifter. 

Påstanden om den ubetydelege arealbruken til vindkraftanlegga, vert stadig gjenteke, også under folkemøtet. Støy, iskast, skuggekast, blinkande høgintensitetslys og andre kritiske faktorar, skal oversjåast. Slik strategisk tilnærming, lovar ikkje godt for prosessen vidare.

Vindkraftanlegg er no som før prestisje og stor forteneste for nokre få, men på kostnad av folk flest. Det er ikkje til å unngå at eit vindkraftanlegg vil påføre store verditap på råka eigedomar, og det vil gjelde mange; sjå til dømes langs Gaulardalføret og dalen mellom Sande og Vadheim. Eit vindkraftanlegg der vil, som folk flest har forstått, kunne bli starten på ei massiv utbygging av vindkraftanlegg fjella rundt. Kanskje det mest trasige opp i dette, er at forholda mellom familie og sambygdingar vert sett på prøve. 

Spennande, men krevjande tider vil det bli framover. Ikkje la dykk lure!

Ove Hatlestad Solås