Det er skader på to merder under leveranse på Osland sin lokalitet på Sørevik. (Arkivfoto)

Skader på to merder hos Osland –⁠ ikkje fisk i dei

Det er komme kader på to merder på Osland sin lokalitet på Sørevik i Høyanger kommune. Det melder bedrifta sjølv i ein pressemelding.


– Det er ikkje fare for menneskeliv, og det er heller ikkje fisk i merdene. Men vi jobbar med å unngå havari, seier dagleg leiar ved Osland Havbruk, Marte Hatlevik, til Ytre Sogn.

Dei to merdene er av typen semi-lukka merder, og lukka skulle ha det til at dei vart tømt for fisk for nokre veker sidan. Det er den kraftige vinden som har gjort til at det har blitt skader på merdene.

Merdene blir levert av FiiZK, og Hatlevik seier dei stolar på at leverandøren no hjelper til.

– Det er komme betydelig skade på to merder, og vi arbeider no med å sikre lokaliteteten, for å førebygge ytterligare skade og følgeskader på lokalitet, seier Hatlevik.

– Ytterligare operasjonar og leveranser frå FiiZK går som normal.