- Etter å ha jobba innanfor helse i mange år og sett kor fort livet kan snu, blir ein meir bevisst på det å leve no og ikkje setje ting på vent, seier Siv-Anita Eggen (55) og Arnt-Inge Lekve (54) til Ytre Sogn.
I dagens samfunn lever veldig mange eit hektisk liv, der gjerne ferie og helgefri er den einaste tida ein har til å stoppe opp og nyte livet fullt ut. Dette var noko som lokka Arnt-Inge Lekve og Siv-Anita Eggen frå Ulvik i Hardanger til å ta ei friår, for å bu saman med hundane Varg og Alaska på hytta si i den vesle bygda Måren i Høyanger, med tre fastbuande og utan vegsamband til resten av kommunen. - Kva morgondagen bringer er det ingen som veit. Difor er det viktig å oppfylle draumar og gjere det ein har lyst til medan ein kan - og har moglegheit til - det. Og med interesse for jakt og friluftsliv, som var noko begge har hatt frå ung alder, var dette noko vi ønskte å gjere, seier Arnt-Inge og Siv-Anita til Ytre Sogn. Paret, som begge har vore gift på kvar sin kant før, traff kvarandre i Ulvik i 2003 og har til saman fem born, medan barnebarn nummer seks er på veg. Begge har jobbar innanfor helsesektoren. Han som assisterande seksjonsleiar i ambulansetenesta i Helse Bergen og varabrannsjef i Ulvik herad, ho som sjukepleiar ved Omsorgstunet Ulvik. - Om ikkje noko uventa skjer er planen å bu her eit år og klare oss med mykje av det som er rundt oss, som poteter og grønsaker og fangst frå jakt og fiske, fortel han. Dei brukte rundt tre år på å planlegge det heile. - No har vi allereie vore her nokre månader, og i løpet av den tida har vi ikkje angra eit sekund på at vi gjorde dette, seier ho. Les meir i siste Ytre Sogn!