Siri (21) skal trene herrane i Sogndal


Siri Nesheim (21) frå Høyanger håpar ho kan inspirere andre damer no som ho blir del av trenarteamet til Sogndal sitt herrelag i 2.divisjon.

– Ein kan vel seie at det er hjartesaka mi å få fleire jenter inn i dette miljøet, men det er viktig å få fram at det må skje av dei rette grunnar. Det har vore mykje i media om kvinnelege trenarar i fotball, men ein må ikkje satse på yrket berre fordi ein har sett det på tv! seier ho, med NRK-serien «Heimebane» i tankane.

– Kvinnelege trenarar kan kome like langt som andre, men ein må altså engasjere seg av rett grunn, understrekar Nesheim, som no blir fysisk trenar for andrelaget til Sogndal 2.

Laget er, som kjent, også utviklingsarenaen til profflaget til Sogndal Fotball i 1. divisjon.

Til dagleg jobbar Nesheim som personleg trenar ved Idrettssenteret på Fosshaugane Campus, noko ho vil kombinere med jobben i fotballklubben.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!